HeimNyheiterUtsett opning av innbyggjarservice

Utsett opning av innbyggjarservice

Etter råd frå Folkehelseinstituttet om å avlyse større arrangement, utset vi opningsfesten av innbyggjarservice fredag 13. mars. Vi utset markeringa, men sjølve innbyggjarservice opnar på Knarvik Senter som planlagt. Frå måndag 16. mars er innbyggjarservice ope frå klokka 08.30-15.00.
Publisert: 10.03.2020
Sist endra: 11.03.2020

På biletet ser de Anne Dahle Austrheim (i front) saman med den serviceinnstilte gjengen som innbyggjarane i Alver vil treffe på her. Biletet er tatt i dei nye lokala.

Vi vil vere tett på alverbuen, og opnar innbyggjarservice i Knarvik Senter. 

Innbyggjarservice blir å finne i 2. høgda i promenaden, med Cubus som næraste nabo.

- Vi vil vere tett på innbyggjarane, og møte dei der dei er. Mange av dei som bur i kommunen vår har eit ærend i Knarvik i løpet av ei veke, og difor ville vi etablere ein møtestad akkurat her, fortel rådmann Ørjan Raknes Forthun.

Hjå innbyggjarservice kan alverbuen mellom anna få hjelp til utfylling av kommunale skjema, avtale møte med ein sakshandsamar i kommunen, eller finne ut kven dei skal vende seg til for å løyse ei bestemt oppgåve.

Treng du til dømes rettleiing eller informasjon om kva reglar som gjeld for din eigedom? Byggesak vil vere representert på innbyggjarservice i Knarvik senter kvar måndag og onsdag mellom klokka 9 og 15, og ein treng ikkje avtale tid for å møte dei desse dagane.

Innbyggjarservice tre stader

Alver kommune er ein langstrekt kommune og avdelingsleiar for innbyggjarservice, Anne Dahle Austrheim, fortel at alverbuen framleis vil få hjelp på kommunehusa på Manger og på Frekhaug.

- Alle våre kontor for innbyggjarservice vil vere bemanna dagleg mellom klokka 08.30 og 15.00. Innbyggjarservice samhandlar tett med dei ulike tenestene i kommunen slik at dei som tek kontakt med oss skal få den hjelpa dei treng, lovar Austrheim.

Dei nye lokala for innbyggjarservice er på heile 460 kvadrat og inneheld mellom anna fire pc-stasjonar for publikum, sentralbord samt fleire kontor og møterom.

På jakt etter lokale kunstnarar

Håpet er at den nye innbyggjarservice også vil bli ein møteplass for kultur. Dei nye lokala er nemleg ikkje utsmykka, og det er det ein grunn til.

- Vi har mange fantastiske kunstnarar i Alver, og vil gjerne invitere desse til å stille ut sin kunst i dei nye, romslege lokala våre. Det kan vere alt frå foto til måleri, keramikk eller ull. Vi ynskjer at Innbyggjarservice skal vera ein god stad å komme til, og ein arena der kommunen kan kommunisere og inspirere innbyggjarane, og motsett, seier Austrheim.

Ho legg til at interesserte kunstnarar kan kontakte kulturavdelinga i kommunen om dei er interesserte i å stille ut.