HeimNyheiterFredag startar Nynorskdagane i Alver

Fredag startar Nynorskdagane i Alver

Fredag går startskotet for Nynorskdagane i Alver. Her kan du mellom andre treffe forfattarane Stig Holmås og Ruth Lillegraven, språkguru Gunnstein Akselberg eller gå på «Pøbb» med diktar Jon Hjørnevik og trubadur Dagfinn Iversen.
Publisert: 20.09.2021
Sist endra: 20.09.2021

Nynorskdagane i Alver er ei mønstring av arrangement og aktivitetar som skal løfta fram og feira nynorsken i Alver. Mønstringa er eit samarbeid mellom Alver kommune og mållaga. I 10 dagar, frå 24. september til 3. oktober kan alle vere med å feire nynorskdagane i Alver. 

Spennande program

Opninga er ffyrstkomande fredag, og går føre seg på Samfunnshuset Skogen på Sletta, der humorpoeten Jon Hjørnevik startar nynorskdagane i Alver saman med musikalsk makker Dagfinn Iversen. Stig Holmås skal treffe seniorane og vil fortelje om oppvekst og barndom i ei Bergensgate i etterkrigstida med utgangspunkt i eige forfattarskap. For dei som likar å ferdast i naturen kan lyrikkløypa til Håøyna kanskje freiste, med dikt av lokale lyrikarar og overraskande innslag undervegs.
- Mållaga har gjort ein fantastisk jobb med å bidra til eit spennande og engasjerande program, seier avstroppande biblioteksjef Marit-Gro Berge.

Stadnamnvandring

Nynorsken har lang historie i Alver og har sett sitt preg på bygder og tettstader.
- Lurar du på korleis namnet Øykjetona kom til? Og veit du kvar Ingridskåpet stod? Lurar du på kva forklaringa på namna Aldehålo og Revhusdal'n kan vere? Dette og meir til får du vite på stadnamn-vandring i Knarvik og på Frekhaug under Nynorskdagane.

Rikhaldig tilbod til borna

Biblioteket har trylla fram eit innhaldsrikt program for barneskulen, med mellom anna forfattarbesøk, lesekonkurranse, filmframsyning og teaterframsyning. For dei minste kan songstunder med Kjersti Wiik og Linda Røyseth Sandhåland by på litt kvardagsmagi. I 10 dagar, frå 24. september til 3. oktober kan alle vere med å feire nynorskdagane i Alver.

Trykk her for å sjå heile programmet