HeimNyheiterNytt gang- og køyremønster i Knarvik frå byrjinga av august

Nytt gang- og køyremønster i Knarvik frå byrjinga av august

Når?

E39 blir lagt om i byrjinga av august. Endringane blir skilta og vil vara i ein lengre periode, medan Vegvesenet byggjer ny oval rundkøyring. 

For deg som køyrer bil

  • E39 gjennom delar av Knarvik vert lagt om.
  • Avkøyringa frå E39 til Kvassnesvegen ved Reikeråsbygget blir flytta. Ny avkøyring kjem aust for Reikeråsbygget.
  • Avkøyringa til Helsehuset som har vore stengt ei tid vil vera stengt fram til sommaren 2022.
  • E39 vil vera open i heile anleggsperioden med avkøyringar til sjukeheimen, Reikeråsbygget og Knarvik Senter.

For deg som går

  • Det vil ikkje vera mogleg å gå eller sykla langs E39 mellom Knarvik senter og Stallane og Såtafeltet. Biletet nedanfor viser nytt gangmønster. 

 Nytt gangmønster i Knarvik i samband med bygging bygging av ny oval rundkøyring.

Foto: Statens vegvesen.

For meir informasjon om prosjektet, sjå nettsida til Statens vegvesen. 


Sist oppdatert: 30.07.2021
Publisert: 30.07.2021