HeimNyheiterØnskjer næringsfond retta mot nye arbeidsplassar

Ønskjer næringsfond retta mot nye arbeidsplassar

Stian Lavik (KrF), leiar av utval for næringsutvikling og drift, ønskjer å skape ein tett og god dialog med næringslivet i regionen. 

– Vi må skape eit tillitsforhold mellom politikarar og næringslivet i regionen, skal vi lukkast med næringsutvikling framover, seier Lavik.

Formålet til kontaktutvalet er å halde tett kontakt mellom utvalet, den kommunale administrasjonen og næringslivet, og dei skal ha jamlege møter. Kontaktutvalet skal gje innspel til viktige næringspolitiske saker.

Vekstbedrifter og utviklingsprosjekt

Allereie 5. februar i utvalsmøte for næringsutvikling og drift vil fondsvedtekter for det nye næringsfondet vere eit tema. Leiar for næringsutvikling, Tanja Hoel, ønskjer at næringsfondet skal rettast meir inn mot vekstbedrifter og utviklingsprosjekt som skapar nye arbeidsplassar i kommunen.

– Samstundes er det viktig at næringsfondet finn si rolle opp mot andre støtteordningar som allereie finnes, til dømes etablerarstøtte, finansieringsordningar frå Innovasjon Norge, Noregs forskningsråd og så vidare, seier Hoel.

Frå venstre: Baste Tveito daglig leiar Nordhordland Næringslag, Tanja Hoel leiar næring og utvikling Alver kommune, Børge Brundtland daglig leiar Industriutvikling Vest, Stian Lavik (Krf) leiar for politisk utval næringsutvikling og drift, Mabel Johansen (H) nestleiar politisk utval næringsutvikling og drift

Spelar på lag med næringslivet

Heilskapleg koordinering av strategi og planar er viktige område for å skape føreseieleg rammevilkår for næringslivet.

– Næringsliv og politisk leiing må ha eit felles kunnskapsgrunnlag når viktige næringssaker skal drøftast. Det er viktig at vi skapar arenaer kor fakta blir presentert og sikrar felles forståing. Vi ønskjer at debatten skjer i dei rette kanalane, seier Baste Tveito, leiar av Nordhordland Næringslag.

Industriutvikling Vest, ved leiar Børge Brundtland, rosar politikarane som etablerte eit næringsfond i Alver. Det er store forventningar ute hos næringslivet til nye Alver kommune.

– Det er viktig at ein ny kommune skapar nye moglegheiter for næringslivet her lokalt, seier Brundtland. 


Sist oppdatert: 19.04.2020
Publisert: 15.01.2020