HeimNyheiterØnskjer store og små velkomne til torgdag

Ønskjer store og små velkomne til torgdag

Europeisk mobilitetsveke går av stabelen midt i september. I Alver vert det avslutning på veka med torgdag på Frekhaug torg, torsdag 23. september klokka 17-19. Vitenverkstad for barn, gratis sykkelservice, kajakkpadlebasseng, sykkelløype, grafittivegg, konkurransar, premiar og underhaldning er nokre av aktivitetane på programmet.
Publisert: 15.09.2021
Sist endra: 20.09.2021

- For andre år på rad blir den europeiske mobilitetsveka markert i Alver. I fjor hadde vi gratis sykkelservice i fleire senter, eit veldig populært tilbod! Det vert sjølvsagt gratis sjekk av sykkelen i år og i Knarvik og på Manger, og vi har utvida dette tilbodet med ei sykkelløype for barn med fine premiar, seier Alexander Helle, ansvarleg for mobilitetsveka i Alver og rådgjevar ved plan og analyse i Alver kommune.

Mobilitetsveka i Alver er finansiert av Miljøløftet, og blir arrangert saman med Alver kommune.

Variert program gjennom heile veka

  • Digitalt frukostseminar - fredag 17. september
    • Klokka 9-10.30
    • Kva betyr det for kroppen og hjernen vår at vi syklar og får meir til jobb og skule? Og kva skal til for å dulte oss i gang? Delta gratis via miløløftet.no
  • Opning av Sjøbua, Byngja v/ Bøvågen - måndag 20. september
    • Klokka 17
    • Offisiell opning av Alver kommune si nye dagsturhytte Sjøbua. Mangfoldig program og underhaldning for heile familien. Kom gjerne sjøvegen!
  • Gratis sykkelservice v/BUA Manger - tysdag 21. september
    • Klokka 16-18
    • Proffe mekanikarar utfører enkel sykkelservice. Sykkelløype og quiz for barn med fine premiar.
  • Gratis sykkelservice v/ Knarvik senter, torget - onsdag 22. september
    • Klokka 16-18
    • Proffe mekanikarar utfører enkel sykkelservice. Sykkelløype og quiz for barn med fine premiar.
  • Torgdag og gratis sykkelservice v/Frekhaug torg - torsdag 23. september
    • Klokka 17-19
    • Bilfritt torg med ulike konkurransar, padleleik og sykkelløype. Ordførar Sara Hamre Sekkingstad opnar nye Frekhaug minipark.
    • Boder med gratis sykkelservice og vitenverkstad i regi av VilVite med utstilling som barn og unge kan utforske. Fine premiar som billettar til VilVite, ny sykkel og meir. BUA er open, lån ein sprayboks og prøv Frekhaug sin nye grafittivegg? Eller test ein tur på el-sykkel!

Torgdag

- Engasjementet rundt torgdagen på Frekhaug frå frivillige, organisasjonar og lag har vore heilt fantastisk. Vi får besøk av VilVite i Bergen som har med seg ein mobil vitenverkstad for barn, det vert gratis sykkelservice, kajakkpadlebasseng, sykkelløype, grafittivegg, konkurransar, premiar og underhaldning, fortel Helle og peikar ut over torget og parkeringsplassen ved Frekhaug senter.  

Utstyrsentralen Bua og biblioteket vil og vere opne, så du kan låne med deg heim både bøker og utstyr til sport og friluftsliv. For dei som vurderer kjøpe seg el-sykkel vil det og vere mogeleg å prøve seg på ein tur.

Arrangørane oppmodar alle om å komme til torgdagen til fots eller på sykkel. Det vert avgrensa parkering på torget. Om du kjem med bil kan du nytte parkeringsplassen bak bussterminalen eller ved Frekhaug kai.

Næringsliv og frivillige med på laget

Ei av bedriftene som er positive til torgdagen er Lyng blomster. Under torgdagen skal ordførar Sara Hamre Sekkingstad opne ein minipark, som skal stå på parkeringsplassen utanfor butikken deira i to månadar. Den skal fungere som ein midlertidig offentleg møteplass for alle som ønskjer å bruke han.

- Dette er ein perfekt kombo! Vi synes det er utruleg positivt at det skjer aktivitetar rundt senteret og i området vårt, fortel Kaisa Sofie Eikehaug Kaupang, dagleg leiar ved Lyng blomster.

- Vi er glade for å ha eit framoverlent næringsliv som ønskjer å bidra, legg Helle til.

Glade arrangørar viser fram kor torgdagen på Frekhaug skal vere.

F.v. Kaisa Sofie Eikehaug Kaupang, dagleg leiar ved Lyng blomster, Nils Medaas i Trafikkfagleg samarbeidsutval (TSU), Alexander Helle og Kaia Marie Amland rådgjevarar ved plan og analyse i Alver kommune. (Foto: Ingunn Gjærde/Alver kommune)

Vil ha meir sykling og gåing i Alver

Alver kommune har sidan etableringa satsa bevisst på mobilitet i planarbeidet. Innbyggjarane etterlyser betre og meir samanheng i reisetilboda, og då er det mange aktørar som må samarbeide om heilskapen.

- Programmet for Alver i mobilitetsveka er blitt veldig bra og eg trur veka vil motivere folk til å ta sykkelen i bruk, eller å nytte andre transportmiddel som er bra for helse og miljø! Kommunen arbeider no med handlingsdelen til sykkelstrategien, som skal handsamast politisk i haust. Handlingsdelen inneheld fleire konkrete tiltak som kan få fleire til å sykle meir. Den omfattar både fysiske tiltak, drift og vedlikehald, informasjon- og kunnskapsformidling og sykkelvenleg arealplanlegging, seier Kaia Marie Amland, rådgjevar ved plan og analyse og prosjektleiar for sykkelstrategien i Alver kommune

No i haust går Alver kommune i gang med ein ny strategi for korleis vi betre kan leggje til rette for dei gåande.

- Vi skal kartleggje manglande ganglinjer mellom viktige mål i kvardagen og sjå på kva tiltak som kan bidra til at det vert enklare å ta beina fatt. Parallelt kartlegg kulturavdelinga viktige turvegar slik at vi mellom anna får oppdaterte kart over tilboda. Overordna handlar prosjekta om miljø og folkehelse, men for mange vil det kanskje vera like viktig om me kan få til litt enklare kvardagar, seier Helle.