HeimNyheiterPolitiske møte veke 20

Politiske møte veke 20

14. mai klokka 12 er det spørjetime og kommunestyremøte. Møtet blir helde digitalt over Teams, og blir streama direkte.
Publisert: 14.05.2020
Sist endra: 15.05.2020

Her finn du sakspapira til kommunestyremøtet.

Opptak av streaminga kan du sjå her: 

Tips: Trykk på ruta over for å spele av opptaket. Om du deretter trykker på dei seks små rutene nedst på oppgåvelinja kan du velje kva sak du vil sjå.  

Kva er ein spørjetime?

  • Har du spørsmål til politikarane våre? Under kommunestyremøtet 14. mai er det sett av tid til å svare på spørsmål frå innbyggjarane.
  • Spørjetimen startar kl 12, og er før møtet i kommunestyret. Spørjetimen varer inntil ein halv time.
  • Alle personar busett i Alver kommune kan stille spørsmål, utanom dei folkevalde sjølv.

Kva kan eg stille spørsmål om?

Korleis sender eg inn spørsmål?

  • Frist for innsending er seinast 48 timar før møtet, det vil seie innan 12. mai klokka 12.
  • Spørsmål kan sendast post@alver.kommune.no. Merk e-posten med «Spørjetime».

Grunna koronasituasjonen vert spørjetimen gjennomført elektronisk. Ta kontakt med Tove Mette Fyllingen dersom du har spørsmål om gjennomføringa. Det er mogleg for spørsmålsstillar å kome med eitt oppfølgingsspørsmål.

Styringsgruppemøte

Styringsgruppa til utval for areal, plan og miljø har også møte denne veka. 

Saker som skal opp i styringsgruppa er E39-Flatøy-Eikefettunnelen og områdereguleringa for Midtmarka og Rotemyra. Sakspapira finn du her.

Møtet blir streama, og under kan du sjå opptaket av møtet:  

 

Styringsgruppa skal møtast fysisk, men grunna smitteverntiltak er ikkje møtet ope for publikum og presse.