HeimNyheiterPolitiske møte veke 24

Politiske møte veke 24

Klikk her for å sjå oversikt over møteplanen, og finne sakspapira.

Vi streamer følgjande møte:

Utval for areal, plan og miljø, 10. juni, frå klokka 09.00

Formannskap, 11. juni, frå klokka 09.00

 

Lenkje til streaming vil du finne på denne sida.

Møta blir gjennomførte i tråd med gjeldande smittevernreglar om handhygiene, avstand og avgrensing i tal personar.

Ønskjer du å komme på møtet?

Dersom publikum eller media ønskjer å vere fysisk til stades på møta, må dei ta kontakt med politisk sekretariat.

Send ein e-post til: tove.mette.fyllingen@alver.kommune.no og oppgi møte, namn og telefonnummer, om du ønskjer å delta. Du kan også ringe Tove Mette Fyllingen på mobil 474 64 145 om du har spørsmål.

OBS: Frist for å gi beskjed om at du ønskjer å delta fysisk er klokka 15.00, dagen før møtet.

Vi har påmelding til møta for å sikre at smittevernreglane vert følgde. Vi registrerer deltakinga di med namn og telefonnummer. Dette gjer vi av smittevernomsyn, dersom det skulle bli behov for smittesporing i ettertid. Namn og telefonnummer vert oppbevart i 14 dagar etter møta.


Sist oppdatert: 24.06.2020
Publisert: 08.06.2020