HeimNyheiterPolitiske møte veke 38

Politiske møte veke 38

Kommunestyremøte

Møtet startar klokka 12 og blir streama. Opptaket ser du under.

 

Tips: Trykk på ruta over for å spele av opptaket. Om du deretter trykker på dei seks små rutene nedst på oppgåvelinja kan du velje kva sak du vil sjå.  

Klikk her for å sjå kva saker som skal behandlast.

Det er og mogleg å sjå sendinga i KommuneTV.

Styringsgruppemøte - utval for areal, plan og miljø

Vi streamer også styringsgruppemøtet i utval for areal, plan og miljø 16. september. Opptak frå møtet ser du under:

 

Klikk her for å sjå sakslista.

Ønskjer du å komme på møtet?

Dersom publikum eller media ønskjer å vere fysisk til stades på møta, må dei ta kontakt med politisk sekretariat.

Send ein e-post til: tove.mette.fyllingen@alver.kommune.no og oppgi møte, namn og telefonnummer, om du ønskjer å delta. Du kan også ringe Tove Mette Fyllingen på mobil 474 64 145 om du har spørsmål.

OBS: Frist for å gi beskjed om at du ønskjer å delta fysisk er klokka 15.00, dagen før møtet.

Vi har påmelding til møta for å sikre at smittevernreglane vert følgde. Vi registrerer deltakinga di med namn og telefonnummer. Dette gjer vi av smittevernomsyn, dersom det skulle bli behov for smittesporing i ettertid. Namn og telefonnummer vert oppbevart i 14 dagar etter møta.


Sist oppdatert: 17.09.2020
Publisert: 15.09.2020