HeimNyheiterPolitiske møte veke 39 og 40

Politiske møte veke 39 og 40

Formannskap

Møtet startar klokka 12 torsdag 24. september. Opptaket frå streaminga finn du under: 

 

 

Tips: Trykk på ruta over for å spele av opptaket. Om du deretter trykker på dei seks små rutene nedst på oppgåvelinja kan du velje kva sak du vil sjå.   

Det er også mogleg å følgje sendinga i KommuneTV.

Klikk her for å finne sakspapira til formannskapet. 

Kommunestyre

Formannskapet valde å usetje behandlinga av økonomiplanen. Det ekstra kommunestyremøtet som var sett opp 1. oktober vert derfor avlyst.

Ønskjer du å komme på møta?

Dersom publikum eller media ønskjer å vere fysisk til stades på møta, må dei ta kontakt med politisk sekretariat.

Send ein e-post til: tove.mette.fyllingen@alver.kommune.no og oppgi møte, namn og telefonnummer, om du ønskjer å delta. Du kan også ringe Tove Mette Fyllingen på mobil 474 64 145 om du har spørsmål.

OBS: Frist for å gi beskjed om at du ønskjer å delta fysisk er klokka 15.00, dagen før møtet.

Vi har påmelding til møta for å sikre at smittevernreglane vert følgde. Vi registrerer deltakinga di med namn og telefonnummer. Dette gjer vi av smittevernomsyn, dersom det skulle bli behov for smittesporing i ettertid. Namn og telefonnummer vert oppbevarte i 14 dagar etter møta.


Sist oppdatert: 25.09.2020
Publisert: 22.09.2020