HeimNyheiterReine hender i barnehagane

Reine hender i barnehagane

I år har heile 24 barnehagar i Alver sertifisert seg som Rein Hand- barnehage. Tre heldige barnehagar er trekt ut som vinnarar av pengepremiar.
Publisert: 09.06.2020
Sist endra: 18.06.2020

- Prosjektet har tidlegare funne stad på hausten grunna at det då er høgsesong for forkjøling. I år valde vi å starte opp tidlegare grunna situasjonen med korona, fortel Grethe Elin Mjelde som er teknisk-hygienisk ingeniør for miljøretta helsevern. Ho rosar barnehagane som har gjennomført eit undervisningsopplegg for born og tilsette, i tillegg til å tilfredsstille krav til utstyr og rutinar.

- Vi er veldig glade for at så mange barnehagar har valt å vere med, dei gjer verkeleg ein kjempejobb. Målet med prosjektet er å hindre smittespreiing, og dermed redusere sjukdom blant born og tilsette i barnehagar, fortel Mjelde.

Ivrige Rein hand-ambassadørar

I tillegg til å innføre gode rutinar i barnehagane har barnehageborna lært om bakteriar, og korleis dei kan spreie seg om ein ikkje er nøye med å vaske hendene. Borna har mellom anna fargelagt teikningar av bakteriar og gjort mykje anna spennande. Mange tek med seg lærdomen heim, og held fram den gode jobben der.

Heile 24 av 29 barnehagar i Alver har til no sertifisert seg som Rein hand-barnehagar. Tre barnehagar blei denne veka trekt ut av ordførar Sara Hamre Sekkingstad, og kan gle seg over ein pengepremie. Alle barnehagane får diplom.

Dei heldige vinnarane som blei trekt ut i år er:

  • Alversund Montessoribarnehage, som får 5.000 kroner
  • Seim barnehage, som får 3.000 kroner
  • Juvikstølen barnehage, som får 1.000 kroner

Denne veka blei vinnarane av Rein hand- prosjektet trekt ut. F.v. Grethe Elin Mjelde, teknisk-hygienisk ingeniør, miljøretta helsevern, Mona Hagewick, tenesteleiar for barnehage og ordførar Sara Hamre Sekkingstad.