HeimNyheiterService på to hjul i Knarvik

Service på to hjul i Knarvik

Miljøløftet og Alver kommune arrangerte nemleg sykkelverkstad og innspelsrunde på torget i Knarvik senter. 

Glade syklistar

Over 20 syklistar var innom og fekk sjekk og service på sykkelen sin. Fylkesordførar Jon Askeland fekk prøve elektrisk lastesykkel, med varaordførar i Alver kommune, Øyvind Oddekalv, som passasjer i lastekassen.

 Jon Askeland og Øyvind Oddekalv testar elektrisk lastesykkel.

 

Kommunen sine planleggjarar var og til stades og tok imot innspel frå innbyggarane. Vi lurer på korleis det er å vere syklist i Alver? Korleis vil du at det skal vere i Alver i framtida? Klikk her for å gi dine innspel. 

Rakk du ikkje sykkelservicen?

Kanskje kjem vi i nærleiken av deg neste gang.

Det blir gratis sykkelservice på:

  • Frekhaug: 29. september kl. 17-19 – Den gamle brannstasjonen mellom kommunehuset og barnehagen
  • Manger: 30. september kl. 17-19 – Radøy ungdomsskule
  • Lindås: 01. oktober kl. 17-19 – Lindås barneskule

Les meir om gratis sykkelservice og kva du kan få hjelp til her.


Sist oppdatert: 22.09.2020
Publisert: 22.09.2020