HeimNyheiterSignerte avtale med kulturråd og idrettsråd

Signerte avtale med kulturråd og idrettsråd

Leiar i Alver idrettsråd Olav Steinar Namtvedt, og leiar i Alver kulturråd Arild Hagenes var tysdag på rådhuset i Knarvik for signering og kake saman med ordføraren. 

– Dette er ein merkedag. Råda er eit bindeledd mellom frivillige lag og organisasjoner og arbeider for best moglege vilkår for desse interessene i Alver, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Alver kulturråd og Alver idrettsråd er viktige samarbeidspartnarar for kommunen innan sine ansvarsfelt. Samarbeidsavtalane blei vedteken av kommunestyret i det siste møtet før sommarferien. 

– Vi gler oss stort over at samarbeidsavtalane er på plass, og ser fram til det vidare samarbeidet, fortel Sekkingstad.

Olav Steinar Namtvedt, Sara Hamre Sekkingstad og Arild Hagenes med signerte avtalar.


Sist oppdatert: 20.08.2020
Publisert: 18.08.2020