HeimNyheiterSkular og barnehagar på grønt nivå

Skular og barnehagar på grønt nivå

Alver kommune lettar på tiltaka for barn og unge og innfører grønt nivå på skular og barnehagar i kommunen frå neste veke.
Publisert: 14.01.2022
Sist endra: 14.01.2022

– Vi har drøfta overgangen frå gult til grønt nivå med leiarar og tillitsvalte i kommunen vår i dag. Vi har også drøfta dette med kommuneoverlegen, og landa på at vi kan gå over til grønt nivå i barnehagar og skular, seier kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe og legg til:

– Omsynet til barn og unge veg tungt når vi gjer desse vurderingane. Det er mellom anna viktig for elevar i skule at dei kan bevege seg fritt på skulen sitt uteområdet i friminutta og vere med venner frå andre klassar. Det kan dei no når vi gjer denne endringa.

Barnehagane og skulane treng litt tid til å gjere seg klare for grønt nivå. Difor skjer endringane til grønt nivå frå og med tysdag 18. januar.

Dette er i tråd med det kunnskapsministeren sa på pressekonferansen, om at kommunane må få litt tid til å gjere nødvendige justeringar.