HeimNyheiterSlik får du tak i oss i Alver kommune

Slik får du tak i oss i Alver kommune

Vi har fått ny kontaktinformasjon. Sjekk korleis du kjem i kontakt med oss.
Publisert: 27.12.2019
Sist endra: 02.01.2020

Ønskjer du å følgje med på kva som skjer i den nye kommunen, oppmodar vi deg  om å følgje den nye Facebook-sida vår.

Trykk her for å kome til den nye Facebook-sida: www.facebook.com/alverbu.

Kontakt oss på telefon og e-post

Hovudnummer: 56 37 50 00
E-post: post@alver.kommune.no

Kontaktinformasjon til avdelingar og tilsette finn du her inne på den nye nettsida vår. Her finn du også kontaktinformasjon til politikarane i den nye kommunen og nye vaktnummer.

Innbyggjarservice for alle

Treng du hjelp til å orientere deg om tilbodea våre eller fylle ut eit søknadsskjema? Skal du levere post eller treng tilgang til ein pc? Ja, då er du hjarteleg velkommen innom eitt av dei tre sentera våre for innbyggjarservice.

Vi har framleis innbyggjarservice på kommunehuset på Manger og kommunehuset på Meland etter 1. januar. Innbyggjarservice er tilgjengeleg frå klokka 08.30 til 15.00 kvar dag frå måndag til fredag.

Vi byggjer også heilt ny innbyggjarservice i Knarvik Senter og gler oss til å ta imot deg der. Dei nye lokala er klare i byrjinga av februar. Inntil vi har opna på senteret, finn du oss som vanleg på Alver rådhus i Knarvik (gamle Lindås rådhus).

Vi er her for deg

Vi jobbar for at overgangen til Alver kommune skal bli så enkel som mogleg for alle som bur, besøkjer og driv næring i den nye kommunen.
Saknar du informasjon på den nye nettsida eller treng hjelp til å finne ut av ting. Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss på telefon, e-post eller stikk innom eitt av dei tre gamle rådhusa.
Vi er her for deg!