HeimNyheiterSlik skal vi støtte Bergen-tiltaka

Slik skal vi støtte Bergen-tiltaka

– Vi oppmodar alle som bur i Alver om å unngå unødvendige reiser til Bergen dei neste ti dagane, seier ordførar i Alver, Sara Hamre Sekkingstad.
Publisert: 09.09.2020
Sist endra: 09.09.2020

Bergen har innført eigne korona-tiltak for å handtere smitteutbrotet i kommunen.
Tiltaka gjeld i ti dagar frå 8. september.

– Vi støttar opp under desse tiltaka og oppmodar innbyggjarane våre om å unngå unødvendige reiser til Bergen i denne perioden. Til dei som må reise til Bergen og ikkje kan velje vekk kollektivtransport er rådet å bruke munnbind – dersom du ikkje kan halde ein meters avstand, seier ordførar i Alver, Sara Hamre Sekkingstad.

Heimekontor for pendlarar

Fleire av dei som bur i Alver pendlar til arbeid i Bergen. Mange pendlar også andre vegen, frå Bergen til Alver.
Rådmannen i Alver har ei oppmoding til dei som pendlar til og frå Bergen.
– Jobb frå heimekontor, dersom det er mogleg og arbeidsgjevar kan leggje til rette for dette, seier rådmannen.

Bergensarar må følgje eigne reglar

Rådmannen understrekar at Alver er i ein annan situasjon enn Bergen.
– Vi har ikkje eit lokalt smitteutbrot hos oss, og skal difor fortsette å følgje dei nasjonale retningslinjene. Men det er viktig at vi støttar Bergen kommune og bidrar til at dei får kontroll på utbrotet, seier Raknes Forthun.

Han ber difor bergensarar om å følgje Bergen kommune sine reglar for arrangement, også når dei besøkjer Alver.