HeimNyheiterSnart kan du søkje om redusert foreldrebetaling i SFO

Snart kan du søkje om redusert foreldrebetaling i SFO

Snart kan du søkje om redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga.
Publisert: 25.08.2020
Sist endra: 31.08.2020

Frå 1. august 2020 er det i forskrift til opplæringslova vedtatt ei ny moderasjonsordning om redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga (SFO). 

Kommunen skal etter søknad gje reduksjon i foreldrebetalinga slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntekta til hushaldet, dersom:

  • foreldrebetalinga for eit skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene på hushaldet siste året, eller
  • det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eit skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Med inntekta til hushaldet meiner ein hushaldet si samla brutto personinntekt.

Betaling for kost (matpengar) kjem i tillegg

Ordninga gjeldt for elevar på 1. og 2. årstrinn.

Det kjem meir informasjon om korleis du kan søkje når ordninga er på plass i Alver. Dei som får innvilga søknad vil få kostnadar til SFO frå august refundert.

Trykk her for å lese meir om forskrifta på Lovdata.no

Gratis SFO for born med særskilde behov på 5. - 7. årstrinn.

Kommunen skal ha eit tilbod om SFO for born med særskilde behov på 5. -7. årstrinn. Tilbodet skal vere gratis, men kommunen kan likevel krevje betaling for kost.