HeimNyheiterSofie skal til NM i helsearbeidarfaget

Sofie skal til NM i helsearbeidarfaget

TAF-lærling Sofie Marøy gjekk til topps i fylkesmeisterskapen i helsearbeidarfaget. I april skal ho, saman med medelev Ingrid Mjelde Myr, representere Vestland fylke i Noregsmeisterskapen.
Publisert: 27.02.2020
Sist endra: 19.04.2020

Sofie Marøy har læreplass i heimetenesta, avdeling Manger og stortrivst. – Eg er veldig fornøgd med oppfølginga her på læreplassen, seier ho.

 

-  Det var utruleg kjekt å gå vidare saman med ei i klassen, og utruleg stas å sjå at vi klarar å setje lærdomen frå skulebenken ut i live, seier Sofie Marøy, som går i lære i heimetenesta i Alver kommune. 

Under fylkesmeisterskapen måtte Sofie og Ingrid visa fram kunnskapen dei har tileigna seg når det gjeld pasientar med hjerneslag.

- Dette er eit tema vi hadde god kunnskap om, både teoretisk og i praksis, fortel Sofie. Tema for norgesmeisterskapen er alt bestemt, og vil omhandle sjukdommen Parkinsons.

- No skal vi studere hardt og gjere vårt beste for å nå heilt til topps, lovar Sofie, som ynskjer å utdanne seg til lege i framtida.

Stolt over lærlingane

Sofie studerer andre året på TAF- helse, og går i lære i heimesjukepleia. Ho seier at ho er veldig fornøgd med oppfølginga på læreplassen. Avdelingsleiar heimetenesta, avdeling Manger, Johnny Brattetaule, er stolt over sine lærlingar.

- Sofie er veldig dyktig, både fagleg og mellommenneskeleg, seier Brattetaule. Han kan ikkje få rosa lærlingane nok.

- Når ein av dei no skal representere faget i ein landsfinale seier det sitt. Men det er inga overrasking, for tida har vi fantastisk flinke TAF-elevar, forklarar han. Avdelinga på Manger har for tida har sju elevar i lære.

Framtidig kollega

Brattetaule har hatt mange lærlingar i arbeid i åras løp og fortel at dei har fokus på å vere inkluderande, stille krav til lærlingane og gi ansvar innanfor dei rammene dei skal ha. Han er ikkje i tvil om at lærestaden får mykje tilbake.

- Lærlingane vert potensielt framtidige medarbeidarar og vi er så heldige å få å byggje medarbeidarar med haldningar og kompetanse som vi ynskjer oss, seier Brattetaule.

Viktig aktør

Alver kommune er elles ein stor og viktig aktør i regionen med sine 58 læreplassar.

- Vi er veldig stolte over alle lærlingane våre, og svært glade for å kunne gi ungdom og vaksne moglegheita til å fullføre ei fagutdanning, seier rådgjevar ved personalavdelinga i Alver kommune, May Eva Sandvik.

Alver kommune tek inn lærlingar i følgjande fag; helsefag/TAF-helse, barne- og ungdomsarbeidarfaget, Institusjonskokkefaget, feiarfaget, reinhaldoperatørfaget, byggdriftarfaget, kontorfaget og målarfaget.