HeimNyheiterSøndagslyd – ein digital konsertserie frå Meieriet Frekhaug

Søndagslyd – ein digital konsertserie frå Meieriet Frekhaug

I stunder der vi ikkje kan samlast fysisk på kulturelle hendingar, skipar Alver kommune og Sparebanken Vest til digitale konsertar med lokale artistar på Meieriet Frekhaug.
Publisert: 08.04.2020
Sist endra: 09.06.2020

Musikk og kultur gjer godt i den situasjonen samfunnet er i no. Alver kommune og Sparebanken Vest vil spreie varme, glede og omtanke til innbyggjarane i Alver (og elles i landet), og slepp konsertopptak med framragande artistar fem søndagar framover. Konsertane vert lagt ut på www.alver.kommune.no, www.facebook.com/meierietfrekhaug, www.facebook.com/alverbu og YouTube-kanalen til Alver kommune.

Første artist ut

Søndagslyd-konsert nummer ein kjem første påskedag, når pianist Rune Alver speler musikk av vestlandskomponistane Edvard Grieg (1843–1907), Signe Lund (1868–1950) og Harald Sæverud (1897–1992).

Rune Alver frå Alverstraumen har lang fartstid som konsertpianist i både inn- og utland, og har ei rekke kritikarroste plateutgjevingar på CV-en. Han formidlar tonane på nydeleg vis, og kva passar vel ikkje betre enn å møte våren med Alver si tolking av Våren av Grieg?

Sjangerbreidde og varig konsertglede

Søndagslyd frå Meieriet Frekhaug inneheld eit breitt spekter av sjangrar: Her vil det vere noko for kvar ein smak. Konsertopptaka vert liggjande ute på nett etter dei er sleppte, så søndagslyden kan nytast sju dagar i veka, akkurat når det skulle passe deg, og om att og om att. Hjarteleg velkomen til flotte konsertopplevingane framover!

Søndagslyd 12. april kl. 18:00: Rune Alver speler Grieg, Lund og Sæverud

På nydeleg vis formidlar den velrennomerte pianisten frå Alverstraumen musikk av dei vestlandske komponiststorleikane Edvard Grieg (1843–1907), Signe Lund (1868–1950) og Harald Sæverud (1897–1992).

Søndagslyd 19. april kl. 13:00: Rune Alver speler Grieg, Lund og Sæverud

Publikumsfavoritten Bjarte Leithaug kan skilte med ei lang og suksessrik karriere som artist og låtskrivar, og står bak songar som Skal vi være venner, Tenn et lite lys og Hold rundt meg. Saman med dottera Astrid held han ei varm konsertstund for heile familien.

Søndagslyd 26. april kl. 18:00: Serlina

Pop-kometen Serlina frå Frekhaug har sidan ho deltok i tv-programmet The Streami 2016 fått full fart på karriera. Ho er signert på plateselskapet Universal Music, og har dei siste åra spelt på store hendingar som VG-lista Topp 20, sykkel-VM i Bergen, Allsang på grensen og P4-turneen Vinterlyd. På konserten frå Meieriet Frekhaug er Simon Skarsvåg Furnes med på gitar.

Serlina gler seg til konserten. Foto: Privat

Søndagslyd 03. mai kl. 18:00: Anne Hvidsten

Den plateaktuelle «popricana»-artisten byr på smakebitar frå heile si musikalske karriere, inkludert rykande ferskt materiale. I desse dagar er Hvidsten mykje å høyre på radio med låta Twice as happy, og 1. mai slepp ho singelen Dream of Asia frå det komande albumet Illusions. Anne Hvidsten har ei fantastisk formidlingsevne, og trivest best i landskapet mellom pop, country og amerikana. Med seg på gitar har ho Henning Hodne Mjanger.

Anne Hvidsten. Foto: Francisco Munoz

Søndagslyd 10. mai kl. 18:00: Tine Taule, Kai Taule & Christian Øvreaas

Vokaldronning Tine Taule har eit stort spenn av følelsar og variasjonar i røysta si, frå det intense, rå og kraftfulle til det meir stillferdige. Saman med Kai Taule (vokal, bass, gitar, perkusjon) og Christian Øveraas (vokal, tangentar, gitar) skapar Tine Taule eit frodig musikalsk univers ispedd jazz, gospel, blues, funk og r&b.