HeimNyheiterStenger 1. - 4. trinn på Skodvin Montesorriskule

Stenger 1. - 4. trinn på Skodvin Montesorriskule

1. – 4. trinn på Skodvin Montesorriskule må ha heimeskule i heile neste veke etter at ein person på skulen har fått påvist koronavirus.
Publisert: 29.11.2020
Sist endra: 29.11.2020

Fredag 27. og laurdag 28. november fekk Alver kommune melding om at sju nye har testa positivt for koronavirus.

Eitt av desse tilfella er knytt til 1. – 4. trinn på Skodvin Montesorriskule.

52 i karantene

– Elevane på desse fire trinna er fordelt på to grupper, som samarbeider og delar uteområde. Alle lærarar og elevar på desse trinna må difor halde seg heime, fortel rektor Monica Thomassen Waage.

Totalt må 41 barn og 11 vaksne gå i karantene til og med søndag 6. desember.

Smittevegen er førebels ukjent. Koronasenteret til kommunen har difor valt å teste alle elevane i ei av dei to gruppene.

Info til foreldre

Rektor har informert dei føresette om situasjonen, og sender oppdatert informasjon så snart koronasenteret er i mål med smittesporinga.

– Foreldre og søsken til barna som er i karantene, treng ikkje halde seg heime. Dei kan gå på skule og arbeid som normalt, så lenge dei kjenner seg friske, seier assisterande kommuneoverlege Kjetil Lorentsen.

Han ber folk om å følgje med og ta kontakt med lege om dei får symptom.