HeimNyheiterStenger vegen mellom Holme og Tveit

Stenger vegen mellom Holme og Tveit

Fylkesveg 247 blir stengt for gjennomgangstrafikk på strekninga frå etter musikkhallen og til bedehuset.
Publisert: 11.09.2020
Sist endra: 11.09.2020

Bur du i området og skal køyre eller gå til og frå bustaden din?

Alle som bur i området får tilkomst til bustadane sine heile døgnet.

Vi vil anten opne for bilar via Holme-sida eller Tveit-sida. Skilt i kvar ende av vegen vil varsle kva retning det er mogleg å komme inn frå.

Vi har laga ein provisorisk gangveg forbi anleggsområdet og oppmodar alle foreldre om å sikre at barn slår følgje med ein vaksen når dei skal bruke denne vegen.

Kor lenge blir vegen stengt?

Vegen blir stengt i åtte veker frå måndag 14. september til og med fredag 6. november.

Kvifor stenger vi?

Vi utbetrar vegen slik at han blir meir trafikksikker og byggjer eit nytt anlegg for vatn og avløp til dei som bur i området Holme-Tveit.

Lurar du på noko?

Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00 og be om å få snakke med prosjektleiar Atle Dingen.