HeimNyheiterTil kamp for havet og TV-aksjonen

Til kamp for havet og TV-aksjonen

- Kampen mot plast i havet er absolutt ein av dei viktigaste kampane vi må ta framover, seier Frode Myking, mangeårig drivkraft i Hordabø Idrettslag. Idrettslaget på Bø engasjerer seg med digital bøsse og utfordrar andre lag og organisasjonar til å gjere det same.
Publisert: 10.10.2020
Sist endra: 10.10.2020

«Eit hav av mulegheiter» er overskrifta på årets TV-aksjon i NRK, som i år er tildelt Verdas Naturfond (WWF). På grunn av koronapandemien blir dette ein digital bøsseaksjon. Frode Myking synest det er veldig riktig at pengane frå årets innsamlingsaksjon går til kampen mot plast i havet. Han håper at mange har innsett alvoret i situasjonen etter å ha sett bilde av «plast-kvalen» og andre fiskeartar som er funnen døde etter å ha fått for mykje plast i seg.

Stor innsats – stor gjevarglede

- Havet er ein stor del av matfatet vårt, og det må vi ta vare på, både for noverande og ikkje minst kommande generasjonar. Eg har lese at dersom vi held fram som no, utan tiltak, vil det vera meir plast enn fisk i havet innan 2050. Norge må gå framfor som eit godt eksempel og ikkje minst legga press for å påvirka andre land som slepp ut meir plast i havet enn det vi gjer, seier Myking, som er dagleg leiar i Bunnpris på Bø.

Frode Myking har sjølv vore med og gått frå dør-til-dør med bøsse, og pleier alltid å gje eit bidrag når bøsseberarane kjem på døra. Han slår fast at det har blitt lagt ned ein heilt uvurderlig innsats frå eit stort tal bøsseberarar rundt om i landet i mange år.

- Utan dei fantastiske frivillige som til stadigheit stiller opp, hadde ikkje dette vore muleg å få det til. Eg syns alle frivillige skal slå seg sjølv på brystet og vera stolt over den viktige jobben dei gjer. Og gjevargleda blant nordmenn har eg inntrykk er stort kvart år, det er store summar som kjem inn, seier mannen som i 2017 vart tildelt kulturprisen i Radøy.

«Kom an, folkens!»

Hordabø Idrettslag ønsker å bidra til at det gode formålet skal få inn viktig støtte, sjølv om det ikkje kjem bøsseberarar på døra i år.
- Vi har derfor oppretta ein Spleis på facebook der vi håpar alle Bø-sokningar og andre i vårt nærområde ønsker å støtta. Alle pengane som kjem på den digitale bøssa går sjølvklart fullt og heilt til TV-aksjonen, seier Frode Myking. Samtidig utfordrar han andre idrettslag og organisasjonar som har mulegheit, til også å slå eit slag for TV-aksjonen.

- Kom an folkens. Eit reint hav utan plast - det hadde vore noko.

Sjølve aksjonsdagen for innsamlinga er søndag 18. oktober. Men du kan gje ditt bidrag frå no og fram til 1. november.

- Havet er ein viktig del av matfatet vårt, vi er avhengig av eit reint hav utan plast, seier Frode Myking i Hordabø Idrettslag. Idrettslaget har oppretta digital bøsse og han oppmodar bøsokningane til å gje sitt bidrag her. Samtidig utfordrar han andre lag til å slå eit slag for TV-aksjonen. (privat foto)