HeimNyheiterTre dagsturhytter i Alver

Tre dagsturhytter i Alver

- Dette vert eit stort og flott prosjekt for den nye kommunen vår, seier kultursjef Eirik Bouwer Utne.
Publisert: 08.01.2020
Sist endra: 08.01.2020

Dagsturhytteprosjektet har vorte ein stor suksess i Sogn og Fjordane, og i 2020 er det Hordaland sin tur.  No har Alver fått kr 900 000 i tilskot frå Hordaland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

- Jubelen sto i taket då vi fekk tilskot til heile tre dagsturhytter i Alver! Dette vert eit stort og flott prosjekt for den nye kommunen vår, som vil gi folk i Alver tilgang på opne hytter med varme, sanitæranlegg og bibliotek heile året, seier kultursjef Eirik Bouwer Utne

Hyttene på 15 kvadratmeter skal plasserast i kvar av dei tre kommunane som vert Alver, og ikkje for langt frå dagens kommunesenter. Det skal vere god tilrettelegging rundt hyttene og gjerne høve for å bruke kollektivtransport.

- No skal vi nytte vinteren til å finne gode plasseringar i tett samarbeid med frivilligheita. Kanskje vi skal lage eit felles Alver-tema for dei tre hyttene? seier Marian Guddal Hansen, som er avdelingsleiar for kulturutvikling, idrett og frivilligheit.

Nordhordland turlag blir ein viktig samarbeidspartnar i prosjektet.

- Turlaget synes det er utrolig flott at Alver kommune er offensive med å tilrettelegge for mer friluftsliv i nærområdene. Dagsturhytter vil bli nye møteplasser i vakker natur til glede for mange ulike målgrupper, seier leiar i Nordhordland turlag, Børge Brundtland.