Treng du økonomisk råd og rettleiing?
1. Lag budsjett
- Skaff deg oversikt over inntekt/utgifter/gjeld
- Har du variabel inntekt? Oppdatert budsjettet kvar månad.
- Kan du redusere/fjerne nokon av postane i budsjettet ditt?
Trykk her for å laste ned nyttig mal for budsjettoversikt
2. Har du trekk i løn?
- Lever dokumentasjon til rett instans
- Trykk her for å sjå gjeldande satsar frå regjeringa
3. Opprett dialog med eventuelle kreditorar
- Søk om avdragsfritak boliglån – utvida rettighet for permitterte
- Lag/endre betalingsavtale
- Dokumenter endra forhold
- Søk om utvida betalingsutsetting hos Statens lånekasse
Trykk her for å laste ned nyttig mal for å halde oversikt over kreditorer
4. Søk om redusert foreldrebetaling
- Har du barn i barnehagen og inntekt lågare enn 548.500 per år, då kan du har rett til å søkje om redusert kjernetid
- Tilbodet gjeld både private og kommunale barnehagar.
5. Finn ut om du har rett på startlån/bustøtte
- Vurder refinansiering av dyre lån
- Sjå husbanken.no for eigen bustøttekalkulator
NAV hjelper deg gjerne med gjeldsrådgjeving
Ta kontakt med NAV Alver for samtale med gjeldsrådgjevar dersom du ikkje klarar å skaffe deg oversikt sjølv.
Her kan du finne du søknad om økonomisk rådgjeving.
Gjeldsrådgjevar kan hjelpe deg med mellom anna:
- Råd og rettleiing kring din økonomiske situasjon, deriblant budsjett og frivillig forvalting.
- Råd knytt til dine gjeldspostar.
- Forhandlingar med dine kreditorar.
- Tilvising til andre instansar som kan gje deg hjelpa du treng
Har du spørsmål til gjeldsrådgjevar kan du ta kontakt på telefon: 458 39 243. Open frå klokka 10-15, måndag - fredag.