HeimNyheiterUng Jobb avlyst

Ung Jobb avlyst

Grunna situasjonen med korona blir det ikkje organisert Ung Jobb i år.
Publisert: 26.05.2020
Sist endra: 26.05.2020

Avdelinga Ungdom, medverknad og fritid skulle etter planen starta opp med Ung Jobb i Alver kommune sommaren 2020. Av omsyn til smittevern, blir det likevel ikkje noko av.

Situasjonen med covid-19, gjer at avdelinga vel å konsentrera sine ressursar kring sommaraktivitetar for barn og unge i kommunen. Av omsyn til smittevern, krev årets sommaraktivitetar fleire tilsette og meir oppfølgning enn normalt. 

Me vonar å koma attende med tiltaket Ung Jobb neste år.

Har du ytterlegare spørsmål kan dei rettast til avdelinga Ungdom, fritid og medverknad ved: