HeimNyheiterUtvidar hytteforbodet i Alver

Utvidar hytteforbodet i Alver

– Vi ønskjer å førebyggje og hindre spreiing av smitte av covid-19 samt avgrense belastinga på helse- og omsorgstenesta i kommunen. Samtidig ønskjer vi å hindre større samlingar av folk, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Formannskapsmøtet vart gjennomført ved hjelp av videokonferanse. Her finn du opptak av møtet:

Opp i høgre hjørne, der det står Playlist, finn du dei ulike sakene. 

Forbode med overnatting

Det er forbode med overnatting i campingvogner, fritidsbåtar og bubilar i Alver for dei som ikkje har folkeregistrert adresse i kommunen.

Forbodet gjeld ikkje personar som nyttar dette til pendlarbustad i samband med yrkes- og arbeidsutføring.  

Campingplassar, inkludert verksemd med utleige av hytter og fritidsleilegheiter, anlegg for bubilcamping og båthamner i Alver skal halde stengt sanitæranlegga, felleskjøkken og andre felles opphaldsrom.

Hald deg aktiv

– Vi oppfordrar alle til å halde seg i fysisk aktivitet i påsken. Bruk nærområda og få litt frisk luft i god avstand frå andre, seier Sekkingstad.  

Det er mykje å finne på sjølv om det blir heimepåske i år. Skulle du likevel ønskje å ta ein liten dagstur til hytta eller campingvogna, er det framleis lov.    

Den nye forskrifta trer i kraft umiddelbart. Eit samla formannskap står bak vedtaket.


Sist oppdatert: 29.04.2020
Publisert: 03.04.2020