Varsel om auke i gebyr- og betalingssatsar for 2021
Frå 1. januar kan det bli endra satsar for barnehage, SFO og vaksenopplæring.
Publisert:
12.11.2020
Sist endra:
16.11.2020
Vedtak om kommunale avgifter og gebyr vert fastsett av kommunestyret ved handsaminga av budsjettet for komande år.
I samband med arbeid med budsjett for 2021 vert det gjort framlegg om auke i satsar i:
- Barnehage
- SFO
- Vaksenopplæring
Med atterhald om godkjenning i kommunestyret vil då Alver kommune fakturere etter nye satsar frå 01.01.21.