Varsling om tildeling av gards- og bruksnummer og kontaktinstans til kommunale vegar på Radøy
På Radøy er det ikkje tildelt gards- og bruksnummer til kommunale vegar i matrikkelen (det digitale eigedomskartet) slik som andre stader i Alver kommune.
Alver kommune er heller ikkje lagt inn som kontaktinstans på desse vegane. Dei er kun lagt inn i matrikkelen som eigarlause teigar (0/0-teigar).
Det er ikkje tatt stilling til kvar veggrensa går mot naboeigedomane. Veggrensa ligg i matrikkelen med usikker/dårlig kvalitet (såkalla generert grenselinje) dei fleste stadane.
No vil Alver kommune tildele gards- og bruksnummer og leggje inn Alver kommune som kontaktinstans. Du kan følgje med på arbeidet i kartet på https://www.nordhordlandskart.no/alver som vert oppdatert fortløpande.
Når arbeidet er utført vil det komme underretning i avisa Nordhordland og på vår heimeside.
Tabell gir oversikt over dei aktuelle vegane med link til kartvedlegg.