HeimNyheiterBegrens vassbruken på Radøy

Begrens vassbruken på Radøy

Vi ber alle som bur på Radøy om å begrense vassforbruket sitt den neste tida.
Publisert: 15.06.2020
Sist endra: 16.06.2020

Etter eit vassleidningsbrot denne veka, sliter vi med å fylle opp vassbassenga våre att. Ei tid framover må vi difor be alle om å vere forsiktige med bruken.

Kva betyr dette? Vasspredarar, tapping i store basseng, vasking av bilar og vatning med slange må vente til seinare.

Om alle bidrar, blir det nok vatn til alle.

Takk for hjelpa!