HeimNyheiterVi oppmodar om vassparing

Vi oppmodar om vassparing

Vi oppmodar innbyggjarane i tidlegare Radøy og Meland kommunar om vere moderate med forbruket av vatn.
Publisert: 12.06.2020
Sist endra: 12.06.2020

Det går for tida mykje vatn ut av våre produksjonsanlegg som ein naturleg del av det flotte veret vi har.

Difor oppmodar vi innbyggjarane i tidlegare Radøy og Meland kommunar om å vere moderate med forbruket i denne perioden.

Vatning av hagar, tapping i store basseng, vasking av bilar og likande, der det går med store mengder vatn bør unngåast.