HeimNyheiterVel møtt til barnehage og skule

Vel møtt til barnehage og skule

Vi ønskjer alle nye barnehagebarn og elevar velkomne.

Alle elevar som har skuleskyss vil få utlevert skysskort første skuledagen. Dei kan følgje skulebussen utan kort måndag 17. august om morgonen.

Koronasituasjonen vil framleis prege kvardagen, men barnehagar og skular planlegg for ein meir normal kvardag i forhold til smittevern.

Kvar barnehage og skule vil sende ut informasjon til foreldra om kvar ein skal møte første dagen. Dersom du ikkje har motteke denne informasjonen, må du kontakte barnehagen eller skulen direkte.


Sist oppdatert: 10.08.2020
Publisert: 10.08.2020