HeimNyheiterVi søker engasjerte ungdommar!

Vi søker engasjerte ungdommar!

For å kunne bli valt må du bu i Alver, og du kan vere inntil 18 år.

Det vil seie at du kan gå på skule utanfor kommunen, men du kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet,

Nominasjon og val

Ungdom kan nominere seg sjølv, eller bli nominerte av andre.

Klikk her for å nominere deg sjølv eller andre, og for å melde deg på valdagen. 

Frist for å nominere er måndag 14. september klokka 16.

Gjennomføring av val og påmelding til valdag

Valet blir måndag 14. september kl 18.00 i kantina i Nordhordlandshallen.

Bruk skjemaet over for å melde deg på valdagen.

Valet er organisert som eit ope allmøte der all ungdom som er busette i Alver kommune og er fødde mellom 2002 og 2007 kan møta med stemmerett. Dei nominerte vert presenterte og valet vil blir gjennomført ved skriftleg anonymt val.

Dei nominerte må sjølv delta på møtet for å bli valde.

På grunn av smitterverntiltak, må alle ungdom som ønskjer å stille på valdagen med stemmerett, registrere seg på førehand, innan måndag 14.september kl. 16.00!

Lurer du på noko?

Ta kontakt med Robert Lorang Hansen på robert.lorang.hansen@alver.kommune.no, 955 22 070


Sist oppdatert: 04.09.2020
Publisert: 04.09.2020