HeimNyheiterVil du stille ut kunsten din?

Vil du stille ut kunsten din?

I august opnar Alver kommune den nye innbyggjarservice sentralt i Knarvik Senter, Promenaden – 2. etasje. Vi ønskjer at innbyggjarservice også vil bli ein møteplass for kultur.
Publisert: 09.07.2020
Sist endra: 09.07.2020

Dei store, luftige lokala er ikkje utsmykka. Dette er fordi vi har mange fantastiske kunstnarar i Alver, og vi vil gjerne invitere desse til å stille ut sin kunst i dei nye, romslege lokala våre.

Kva kan eg stille ut?

Det kan vere alt frå foto til måleri, keramikk eller ull. Vi ynskjer at innbyggjarservice skal vere ein god stad å komme til, og ein arena der kommunen kan kommunisere og inspirere innbyggjarane, og motsett.   

På denne veggen kan du få stille ut kunsten din.

Fire utstillingar i året

Vi håper mange av våre lokale kunstnarar er interesserte i å vise seg fram.

Vi skal ha fire utstillingar kvart år, den første skal hengje frå oktober og ut året. Vi legg til rette, og stiller med lokale og assistanse (om du treng), medan du tek ansvar for å rigge opp og ned utstillinga.

Korleis går eg fram?

Ønskjer du å stille ut, eller har du spørsmål om ordninga? Ta kontakt med rådgjevar på kultur Eileen M. Feste på eileen.feste@alver.kommune.no

Det er mogeleg å sjå lokala. Innbyggjarservice er planlagt opna 19. august. Følg med på www.alver.kommune.no for meir informasjon om opninga.

Vi tek sikte på å opne utstillinga 1. oktober.

Og du, grip sjansen! Vi ser fram til å høyre frå deg!