Foreldrerettleiing
Alver kommune har tilbod om gratis foreldrerettleiingskurs. Tilbodet er for alle foreldre i kommunen. Programma du kan velje mellom er: COS-P, DUÅ, ICDP og Hold meg - slipp meg. Det er dei ulike tenestene: Pedagogisk-psykologisk teneste, helsestasjon- og jordmortenesta, barnevernstenesta ved rettleiaravdelinga og kommunepsykologane som tilbyr likeverdige rettleiingskurs. Du får inga ferdig oppskrift i nokon av programma, men du får hjelp til å finne eigne løysingar gjennom kunnskap og refleksjon i gruppa.
Målet med foreldrerettleiing
- Å bli tryggare i foreldrerolla.
- Oppleve meir nærleik til barnet.
- Å vere ein meir støttande forelder til barnet.
- Å oppleve mindre konfliktar knytt til å oppdra barnet ditt.
Vi oppmodar begge foreldre til å vere med.
Trykk her for å sjå informasjonsfilm frå Bufdir
Val av foreldrerettleiing
Vi oppmodar begge foreldre til å vere med om mogleg, eller å ta programrekka kvar sin gong.
Vel berre eit program. Er du usikker på val av program som passar for deg? Berre ta kontakt med oss. Sjå informasjon under «Er det noko du lurer på».
Ønskjer du å delta på eit av kursa, så krev det ein innsats for ein periode med oppmøte og praktiske øvingar heime. Dette for at de og gruppa skal få eit godt utbytte av foreldrerettleiinga.
1-6 år, ICDP
Kva er ICDP rettleiing?
ICDP er forkorting for – International Child Development som rettar seg mot alle føresette og profesjonelle omsorgspersonar som skal styrkje din eiga omsorgskompetanse. ICDP sin filosofi er at den beste måten å støtte barnet på er å tryggje og bevisstgjere barnet sine omsorgspersonar.
ICDP si målsetjing er:
- Å fremje den positive oppfatninga av og haldning til barnet.
- Å påverke føresette si forståing av kor viktig sensitivt samspel mellom omsorgsgjevar og barnet er for barnet sin utvikling.
- Å fremje føresette si oppfatning av seg sjølv som kompetent og meistrande.
Kurset er sett saman av åtte samlinger. Kvar samling tar to timer.
Inntil 10 personer kan delta i kvar gruppe.
Oppstart:
- Haust: Siste torsdag i september (ikkje kurs i skuleferiar).
- Vinter: Siste torsdag i januar (ikkje kurs i skuleferiar).
Tid og stad:
- Helsehuset i Knarvik, møterom Masfjorden i 6. etasje.
- Klokka: 17.30-19.30
Påmelding:
Trykk her for å gå til påmeldingsskjema.
Trykk her for å lese meir om kva ICDP er på ICDP Norge
1-7 år, COS-P
Kva er COS-P rettleiing?
COS er forkorting for Circle of Security - tryggleiksirkelen. Kurset gir foreldre reiskap til å forstå betre kva behov born har, kva signal dei gir, og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre. Målet er at barnet ditt får hjelp til å kjenne seg trygg, og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar. Tema i rettleiinga er knytt til det å vere ein god nok forelder.
Kurset er sett saman av åtte samlingar. Kvar samling tar to timer.
Inntil 10 personar kan delta i kvar gruppe.
Oppstart:
Haust:
- Andre tysdag i september (ikkje kurs i skuleferiar).
Vinter:
- Første tysdag i februar (ikkje kurs i skuleferiar).
Tid og stad:
- Klokka 17.30-19.30
Påmelding:
Trykk her for å gå til påmeldingsskjema.
Trykk her for å lese meir om Circle of Security - foreldrevegleiingskurs på bufdir.no.
1-6 år, DUÅ
Kva er DUÅ rettleiing?
DUÅ Universalprogrammet: DUÅ står for dei utrolege åra. Her lærer ein korleis ein som foreldre kan møte barnet sine kognitive, emosjonelle og sosiale behov, gjennom ein trygg relasjon. Foreldrerettleiing skal fremje utviklinga av grunnleggande ferdigheiter i positiv samspel. Leik og positivt samvær er beskyttande faktorar for alle barn. Difor set DUÅ fokus på å fremje leik og andre former for positivt samvær, gjennom korleis dei vaksne er saman med borna i det daglege.
Kurset er sett saman av seks gruppesamlingar. Kvar samling tar to timer.
Inntil 20 personar kan delta i kvar gruppe.
Oppstart:
Haust:
- Oppstart siste torsdag i september. Ingen kurs i haustferien.
Tid og stad:
Helsehuset i Knarvik, 3. etasje PPT
Klokka 17.30-19.30
Påmelding:
Trykk her for å gå til påmeldingsskjema.
Trykk her for å lese meir om De Utrolige Årene på uit.no.
6-12 år, DUÅ
Kva er DUÅ rettleiing?
Dei utrolege åra (DUÅ) er eit rettleiingsprogram som skal fremje godt samspel mellom foreldre og barn. Foreldrerettleiing skal fremje utviklinga av grunnleggande ferdigheiter i positiv samspel. Leik og positivt samvær er beskyttande faktorar for alle barn. DUÅ skal hjelpe føresette til å utvikle gode ferdigheiter: når barn syner trass, er grenseutprøvande, strever med å regulere frustrasjon og sinne. Ein lærer korleis ein som foreldre kan møte barnet sine kognitive, emosjonelle og sosiale behov, gjennom ein trygg relasjon.
Kurset består av elleve gruppesamlingar. Kvar samling tar to timer.
Inntil 20 personar kan delta i kvar gruppe.
Oppstart:
Haust:
- Andre måndag i september (ikkje kurs i skuleferiar)
Tid og stad:
- Helsehuset i Knarvik, 6.etasje møterom Gulen
- Klokka 17.00-19.00
Påmelding:
Trykk her for å gå til påmeldingsskjema.
13-18 år, Hold meg – Slipp meg
Kva er Hold meg – Slipp meg rettleiing?
Kva vil det seie å vere tenåringsforeldre? Kjenner du på kjensle av og komme til kort når det kjem til ungdommen din? Både foreldre og ungdomar kan oppleve vanskar med å oppretthalde ein god dialog og kommunikasjon i denne perioden.
Dette programmet gir foreldre ei unik moglegheit til å betre kunne forstå korleis ta omsyn til tenåringen, utan å miste kontakt eller å gi slepp på innverknaden. Kurset tar opp tema og utfordingar som dei aller fleste tenåringsfamiliar kjenner seg att i. Føremålet med kurset er at omsorgspersonar følar seg tryggare i rolla si i etterkant av kursa.
Kurset er sett saman av fire fellessamlingar for foreldre. I tillegg gir vi tilbod om ein ungdomssamtale og ein familiesamtale utanom samlingane.
Inntil 12 personar kan delta i kvar gruppe.
Tid og stad:
- Helsehuset i Knarvik, 6.etasje, møterom Gulen, kommunepsykologene.
- Klokka 09.00-12.00
Oppstart:
Nye datoar kjem.
Påmelding:
Trykk her for å gå til påmeldingsskjema.
Kontaktinformasjon til dei ulike kursa
Er det noko du lurar på? Kontakt oss gjerne.
- Anita Heggøy, prosjektkoordinator for universell foreldrettleiing
Mobil: 45 34 31 95
anita.heggoy@alver.kommune.no - ICDP: Charlotte Lunner
Mobil: 41 25 45 04
E-post: charlotte.lunner@alver.kommune.no - COS-P: Marie Hardeland
Mobil: 48 49 77 20
E-post: marie.hardeland@alver.kommune.no - DUÅ 1-6: Solveig Stadheim
Mobil: 45 37 67 47
E-post: solveig.stadheim@alver.kommune.no - DUÅ 6-12: Liv Magrete Brekke, PPT- rådgjevar
Mobil: 96 62 65 97
E-post: liv.margrete.brekke@alver.kommune.no
- Hold meg- slipp meg: Julia Linn Nævdal, kommunepsykolog
Mobil: 40 91 04 89
E-post: julia.linn.nevdal@alver.kommune.no