HeimBarnehageSøkje plass

Søkje plass

Slik søkjer du 

Nye rutinar i samband med søknad om barnehageplass

Frå 01.01.2020 er Lindås, Meland og Radøy historie, og me har gått over i Alver kommune. I samband med dette er det etablert eit nytt opptakssystem for barnehageopptaket.

Trykk her for å søkje barnehageplass 

Trykk her å sjå vedtekter for kommunale barnehagar

Søknadsfristen for hovudopptaket er 1.mars.

NB: Viktig Informasjon til føresette som skal søkje barnehageplassVed enkelte høve kan søkjar oppleve at det kjem opp feilmeldingar når dei skal sende søknad. Her er viktig informasjon om korleis du går fram for å sende inn søknaden.

Kontroller at du har rett Nettlesar: Det er viktig å bruke Google Chrome nettlesar når du skal søkje barnehageplass.

Det kjem nokon gongar opp feilmelding «bad Gateway» når ein skal sende søknaden. Dette kan skuldast at du ikkje har Google Chrome nettlesar på din pc.

Dersom dette likevel skjer med deg, kan du klikke «send inn søknad «gjentatte gongar for å overstyre feilen. Etter 4-5 gongar vil feilmeldinga endre seg til «There already exist an application» eller liknande. Då har søknaden din gått igjennom. Du skal då motta melding om at vi har motteke søknaden din.

Dersom denne meldinga ikkje kjem- må du ta kontakt med Alver kommune v/rådgjevar Mette Marei Træland på telefon: 971 59 640, så vi kan hjelpe deg.

Dersom du får opp feilmelding om at postnummeret er feil:

Dette kan fort skje når ein legge til medsøkjar, da det kan bli lagt inn et mellomrom før/etter postnummeret. Du må då undersøke om postnummeret er skrive inn på rett måte. Det er lurt å fylle alt inn på nytt.

Det må sendast ny søknad til hovudopptaket. Søknadar som ligg på venteliste i Lindås, Meland og Radøy vil ikkje verte overført til nytt system.

Har du spørsmål knytt til opptaket kan du og kontakte tenesteleiar for barnehage Mona Hagewick tlf. 56 37 50 00.

Trykk her for å lese meir om alle barnehagane i kommunen vår.

Kva kostar det?

Full plass

Frå 1. januar 2020 kostar ein full barnehageplass 3.135 kroner per månad.

Redusert plass
  • 80 prosent plass = 2508 kroner i månaden
  • 60 prosent plass = 1881 kroner i månaden
  • 50 prosent plass = 1568 kroner i månaden
  • 40 prosent plass = 1254 kroner i månaden
Redusert betaling og søskenmoderasjon

Du kan få redusert pris dersom du har fleire barn i barnehagen eller har låg inntekt.

 Trykk her for å lese meir om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Søskenmoderasjon:

  • Du får 30 prosent prisreduksjon på barn nummer to.
  • Du får 50 prosent prisreduksjon på barn nummer tre og fleire.

Matpengar og ekstra dag

  • Matpengar - 100 prosent plass = 380 kroner i månaden
  • Matpengar - 80 prosent plass = 304 kroner i månaden
  • Matpengar - 60 prosent plass = 228 kroner i månaden
  • Matpengar - 40 prosent plass = 152 kroner i månaden
  • For sein henting = 250 kroner per påbegynte halvtime 

Makspris:

Foreldre skal ikkje betale meir enn makspris for ein barnehageplass. Makspris frå 01.01.2020 er fastsett til kroner 3 135 per månad.

Har du rett på plass? 

Kven har rett på barnehageplass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod om vi har ledige plassar.

Har barnet ditt rett til prioritet?

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • barn med nedsett funksjonsevne
  • barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars. 

Flytte, bytte eller seie opp plass?

Flytte eller bytte plass?

Flyttar du til ein annan stad i kommunen kan du behalde barnehageplassen du har. Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass.

Trykk her for å gå til barnehagelova.

Reglar for oppseiing
  • Endring av plass kan i utgangspunktet berre skje dersom det ikkje fører til at vi får tomme plassar i barnehagen.
  • Skal barnet ditt slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må du sende ei skriftleg oppseiing av plassen minst to månader før barnet skal slutte.
  • Dersom barnet sluttar etter 1. april, kan vi krevje betaling for resten av barnehageåret.
  • Du treng ikkje å seie opp plassen når barnet ditt startar på skulen. Dette skjer automatisk for barn i både private og kommunale barnehagar.

Private barnehagar har eigne vedtekter.

Slik seier du opp plassen din

Vi har ikkje eit eige skjema for oppseiing av barnehageplass. 

Skriftleg oppseiing leverer du direkte til barnehagen din.

 


Sist oppdatert: 24.03.2020
Publisert: 21.01.2019