Branntryggleik

Totalforbod mot eld 16. til 30. juni 2023

Nordhordland brann og redning har innført totalforbod mot bruk av eld i Alver, Austrheim og Modalen.

Trykk her for å lese forskrifta.

Bål, lyng- og bråtebrenning

Det er forbod mot å brenne bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føre til brann. Skal du brenne bål eller bråte, må du vere sikker på at det ikkje kan føre til brann. Gå aldri frå oppgjord eld før han er heilt sløkt.

Når er det lov?

15. april til 15. september

I perioden 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan å søkje kommunen om løyve (jfr §3, Forskrift om brannforebygging).

Du må søkje minimum 14 dagar før planlagt brenning. Du kan søkje om løyve for ein periode på inntil 3 veker.

Søknaden må innehalde:

  • Namn på ansvarleg og telefonnummer
  • Stad for lyng- og bråtebrenning, adresse/stadnamn og kartutsnitt
  • Tidsperiode for brenning
  • Plan for forsvarleg og kontrollert brenning og sløkking
  • Plan for handtering av uhell/ukontrollert spreiing

Send søknad på e-post til: post@alver.kommune.no

Brannsjefen i Nordhordland brann og redning (NHBR) handterer søknader for Alver, Austrheim og Modalen kommune.

Same dag som du skal brenne, gi beskjed til Nordhordland brann og redning på vakttelefon: 91 86 12 47

15. september til 15. april

Skal du brenne i denne perioden, må du avklare dette med lokalt brannvesen. Årsaka er at lyng- og bråtebrenning er synleg på lang avstand, og brannvesenet kan få inn mange unødvendige meldingar om brann.

Aktsemdkravet gjelder heile året og er forankra i Forskrift om brannforebygging § 3: «Ein kvar plikter å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. Det er forbudt å gjøre opp ild eller behandle brannfarlige gjenstander utendørs under slike forhold eller på en slik måte at det kan føre til brann».

Send e-post til brannvesenet seinast sju virkedagar før brenninga.

E-posten må innehalde:

  • Namn på ansvarleg og telefonnummer
  • Stad for lyng- og bråtebrenning, adresse/stadnamn og kartutsnitt
  • Dato/tidsrom for brenning
  • Plan for forsvarleg og kontrollert brenning og sløkking
  • Plan for handtering av uhell/ukontrollert spreiing

Send den til: post@alver.kommune.no

Brannsjefen i Nordhordland brann og redning (NHBR) handterer dette for Alver, Austrheim og Modalen kommune.

Same dag som du skal brenne, gi beskjed til Nordhordland brann og redning på vakttelefon: 91 86 12 47

Kommunen kan innføre totalforbod 

Er brannfaren spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføre totalforbod mot å brenne bål i bestemte område.

Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levere til gjenvinningsstasjon.

Sankthansbål

På sankthansaftan gjeld dei generelle reglane for bålbrenning. Du har berre lov til å gjere opp eld der det openbert ikkje kan føre til brann.

Ved bålbrenning og liknande er det personen som tenner elden, som er ansvarleg for tryggleikstiltak og å sløkke elden før staden blir forlaten.

Her kan du lese meir 
Forskrift om brannførebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet

Branntryggleik i heimen

Korleis kan du minske faren for brann i din heim?

Det er eit krav at alle bustader skal ha minst éin røykvarslar som kan høyrast frå alle soverom med lukka dør. Vi anbefaler likevel å montere fleire røykvarslarar og at desse er seriekopla.

Formålet med røykvarslarar er å redde dei som er i bustaden, dersom brann eller røykutvikling skulle oppstå. Ein brann kan utvikle seg svært raskt, og tidleg varsling er avgjerande.

Røykvarslar

Røykvarslarar skal produserast etter ein europeisk produktstandard. Forhandlarar har ansvar for at røykvarslarar dei sel, er produserte etter dette regelverket. Når du kjøper ein ny røykvarslar, bør du kontrollere at han er CE-merkt med tilvising til NS-EN 14604.

Husbrannslange

Alle bustader skal ha eit brannsløkkingsapparat eller ein husbrannslange.

I vanlege bustader anbefaler vi brannslange som alltid skal vere kopla til vatn. Hugs at du ikkje skal bruke vatn som sløkkemiddel ved brann i frityr, på komfyren og i oljeprodukt.

Brannsløkkingsapparat

Det er svært få som har vatn på soverommet, og om natta er det viktig å ha rask tilgang til sløkkeutstyr. Derfor er det lurt å ha eit brannsløkkingsapparat i tillegg til brannslangen.

Skadeførebygging og brannøving i heimen

Noko av det viktigaste du sjølv kan gjere, er å ta ein «sløkkerunde» i huset ditt kvar kveld. Sjekk alle rom, og slå av alt av elektriske apparat som ikkje skal stå på. Sjekk at ingen omnar er tildekte, sløkk levande lys, slå av TV-en med av-knappen, og la ikkje kaffitraktar, vasskokar og mobilladar stå med støpselet i stikkontakten om natta.

Vi anbefaler at de gjennomfører brannøving i heimen. Barn er i stor grad avhengige av hjelp i ein naudsituasjon. Forklar barna kvar røykvarslaren er, test han, og la dei bli «kjende» med lyden. Lag reglar for korleis dei skal opptre viss røykvarslaren går, test aktuelle rømmingsvegar, og avtal møtepunkt utanfor, i trygg avstand til huset, om de kjem bort frå kvarandre.

Branntryggleik i landbruksbygning

Kvart år døyr mange dyr i landbruksbrannar. Store verdiar går tapt.

Over 70 prosent av alvorlege brannar i landbruket kjem av elektrisitet, anten feil på elektriske anlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr.

Kven har ansvar for kva?

  • For nyinstallerte elektriske anlegg er det installatør som har ansvaret for å levere eit feilfritt anlegg etter forskrifta.
  • Det er eigar som har ansvar for å sørgje for vedlikehald av anlegget. Det meste av arbeidet må gjerast av godkjend elektroinstallatør.
  • Det er avgrensa kva arbeid ein kan gjere på det elektriske anlegget utan å ha spesielle offentlege sertifikat. Det meste av arbeidet må derfor gjerast av offentleg godkjende elektroinstallatørar.
  • Tilsyn skal gjennomførast av det lokale elektrisitetstilsynet. Eit slikt tilsyn fritek ikkje eigar for ansvar for vedlikehald. 
    Klikk her for å lese meir om el-anlegg og brannar i landbruket på Landbrukets brannvernkomité si heimeside.
Bruk og sal av fyrverkeri

Fyrverkeri er normalt tillate på nyttårsaftan i tidsrommet 18.00 til 02.00.

Skal du sende opp fyrverkeri andre dagar enn nyttårsaftan, må du søkje brannvesenet om lov. Du må søkje minimum to veker før avfyringsdato.

Slik søkjer du om å sende opp fyrverkeri

  • Send søknaden på e-post til brannsjef Karl Johannes Romarheim, karl.johannes.romarheim@alver.kommune.no
  • Dersom søknaden din blir godkjend, blir han send vidare til politiet, som tar den endelege avgjerda.

Regelverket tillèt utvida bruk av fyrverkeri etter søknad så lenge bruken ikkje medfører ulempe for tredje person eller det ikkje er andre tryggleiksårsaker som taler imot eit slikt løyve.

Når kan brannsjefen gje løyve til å bruke fyrverkeri?

  • Ved større runde bursdagar eller tilsvarande jubileum
  • Ved opning av arrangement eller i tilknyting til dette
  • Når vêrmessige forhold ligg til rette
  • Når bruken skjer ved lokale der det kan forventast at slike løyve blir godkjende, til dømes forsamlingshus eller hotell
  • Dersom bruken blir lagd til ei privat adresse som ikkje ligg i tettbygd strøk når naboar blir varsla på førehand.

På grunn av brannfare, kan du kan ikkje rekne med å få lov til oppskyting av fyrverkeri i perioden 15. april til 15. september.

Du som bruker fyrverkeri og andre pyrotekniske effektar, pliktar å følgjer retningslinjene og bruke dette på ein måte som sikrar at det ikkje blir skade på personar eller omgivnadene.

Sal av fyrverkeri

Alle bedrifter som ønskjer å selje fyrverkeri  eller pyroteknisk vare i tida 27. - 31. desember i butikken si ordinære opningstid, må sende inn søknad til brannvesenet innan 1. mai.

Du må leggje ved løyve frå eigar av bygningen, aktuelle skjema og kursbevis. Kursbeviset kan ikkje vere eldre enn fem år. Ved lagring av inntil 250 kg fyrverkeri, må du sende særskild søknad.

Søknaden sender du til:
post@alver.kommune.no

Kva kostar det?

Avgift for handsaming av søknad om sal av fyrverkeri er på kroner 3125,- inkl. moms.


Sist oppdatert: 21.06.2023
Publisert: 13.07.2018