Sjukeheimane våre

Sjukeheimane våre

Knarvik sjukeheim

Sjukeheimen ligg sentralt til i Knarvik. Vi har ein hyggelig og skjerma hage, og fine turområder tilrettelagt for rullestol i nærleiken. Sjukeheimen ligg fint til med flott utsikt over fjorden frå terrassar og dei fleste romma.

Fakta om sjukeheimen

  • 31 vanlige langtidsplassar
  • 18 plassar for personar med demens
  • 12 korttidsplassar
  • 5 rehabiliteringsplassar
  • 4 avlastningsplassar
  • 72 einerom, 4 av desse er store og særleg tilpassa for to bebuarar, til dømes ektepar

Avdelingar

Avdeling 1 – langtidsavdeling, 29 plassar

Telefon: 56 37 57 51

Døgnbemanna telefon: 47 46 08 85

Adresse: Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø

Avdelingsleiar: Oddvar Holsen
Telefon: 56 37 57 28

Mobil: 46 28 00 04

E-post: oddvar.holsen@alver.kommune.no

 

Avdeling 2 – langtid/korttid/rehabilitering, 29 plassar

Telefon rehab: 56 37 57 45

Telefon skjerma: 56 36 57 47

Telefon somatisk: 56 37 57 44

Døgnbemanna telefon: 47 46 08 86

Adresse: Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø

Avdelingsleiar: Solrun Tobiassen Albrechtsen
Telefon: 56 37 57 02
Mobilnummer: 40 90 76 64
E-post: solrun.albrechtsen@alver.kommune.no

Avdeling 3 – korttidsavdeling, 12 plassar

Telefon: 56 37 57 40

Døgnbemanna telefon: 90 05 22 92

Adresse: Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø

Avdelingsleiar: Hildegunn Hopland Hansen
Telefon: 56 37 57 12
Mobilnummer: 40 91 08 83
E-post: hildegunn-hopland.hansen@alver.kommune.no

Kompetanse

Vi har god fagkompetanse. Ansvarleg sjukepleiar er alltid tilstades på avdelingane. Vi har faste sjukeheimslegar og aktivitør, og tilgjenge på fysioterapeut, ergoterapeut, laborant og prestetenester. Sjukeheimen er lærebedrift for lærlingar i helsearbeidarfaget, og vi har samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og VID vitenskaplege høgskule.

Tilbod

  • hage
  • frisør
  • fotpleie
  • fysioterapeut
  • ergoterapeut
  • treningsrom
  • prest

Måltid

Våre måltid lagast ved Sentralkjøkenet på Knarvik sjukeheim.
Tidspunktet for måltidene er:

  • Frukost       klokka 08.30
  • Lunsj           klokka 13.00
  • Middag        klokka 15.30
  • Kveldsmat   klokka 18.30

Aktivitetar

Vi tilbyr forskjellige aktivitetar og kulturarrangement på sjukeheimen. Vi har eigen aktivitør 2 dagar i veka, og Seniorsenteret er ope 3 dagar i veka. Her er det kafé, helsetrim, syng med oss, dans og konserter. Vi har og eige galleri med forskjellige utstillarar. Knarvik sjukeheim deltek på sykkel-VM og Knarvikmila.

Lindås bu- og servicesenter

Sjukeheimen ligg fint til på Lindås, 26 kilometer frå Knarvik. Sjukeheimen har eit vakkert uteområde som er veldig godt tilrettelagt for pasientane.

Fakta om sjukeheimen

  • 16 vanlege langtidsplassar
  • 8 plassar for personar med demens
  • 24 einerom

Døgnbemanna telefon: 91 39 14 02

Adresse: Storbruhaugen 36, 5955 Lindås

Avdelingsleiar: Ingrid Låstad Haugland
Telefon: 56 37 56 13
Mobilnummer: 45 37 57 37
E-post: ingrid.lastad.haugland@alver.kommune.no

Kompetanse

Vi har god fagkompetanse. Ansvarleg sjukepleiar er alltid tilstades på avdelingane. Vi har faste sjukeheimslegar og aktivitør, og tilgjenge på fysioterapeut, ergoterapeut og prestetenester. Sjukeheimen er lærebedrift for lærlingar i helsearbeidarfaget, og vi har samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og VID vitanskaplege høgskule.

Tilbod

  • hage
  • frisør
  • fotpleie
  • fysioterapeut
  • ergoterapeut
  • treningsrom
  • prest

Måltid

Våre måltid vert produsert ved Sentralkjøkenet på Knarvik sjukeheim, og tilberedt ved eige kjøken på sjukeheimen.

Tidspunktet for måltidene er:

  • Frukost         klokka 08.30
  • Lunsj             klokka 13.00
  • Middag          klokka 15.30
  • Kveldsmat     klokka 18.30

Aktivitetar

Vi tilbyr forskjellige aktivitetar og kulturarrangement på sjukeheimen. Vi har eigen aktivitør 1 dag i veka, og Seniorsenteret har aktivitetar 1 dag i veka.

Meland sjukeheim

Sjukeheimen ligg sentralt til på Frekhaug med kort veg til offentleg transport, butikkar og offentleg tenester. Meland Sjukeheim har hyggelege uteområde med terrasser og hage som kan nyttast til ulike aktivitetar.

Vår visjon: Omsorg med livsglede og kompetanse
Våre verdiar: Respekt - Tillit - Livsglede

Fakta om sjukeheimen

  • 22 langtidsplassar ved Nordgardstunet
  • 12 plassar ved Lerketunet for personar som lever med demens
  • 9 korttidsplassar ved Solkroken
  • Meland Sjukeheim har eige kjøkken

Avdelingar

Kompetanse 

Meland Sjukeheim har god fagkompetanse. Det er sjukepleiarar på vakt til ei kvar tid. Alle faggrupper har tilsette med vidareutdanning innan ulike felt. Me har faste sjukeheimslegar ved institusjonen. Det er tilsett logoped tilknytt korttids- og rehabiliteringsavdelinga. 
Meland Sjukeheim har eige institusjonskjøkken som leverer varm middag kvar dag gjennom heile året også til heimebuande og til dagsenteret.

Sjukeheimen er lærebedrift for lærlingar i helsearbeidarfaget, og me har samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og VID vitenskaplege  høgskule.

Tilbod 

  • Hage/uteområde
  • Fysioterapeut
  • Ergoterapeut
  • Samarbeid med frivillige
  • Frisør/fotpleie gjennom Helselaget
  • Treningsrom knytt mot korttidsavdelinga
  • Samarbeid med prest, organisasjonar og andre trussamfunn

Aktivitetar

Vi tilbyr forskjellige aktivitetar og kulturarrangement på sjukeheimen, og det er fellestrim på avdelingane kvar veke. Alle avdelingane har Motitech sykkel og det vert laga individuelle sykkelprogram til pasientane. Sjukeheimen har og el-sykkel til utebruk.

Vi har gjennom året tilbod om ulike konsertar og vi har samarbeid med barnehagen i nabolaget som deltek på ulike aktivitetar hjå oss. Vi har og frivillige personar som kjem å arrangerer ulike aktivitetar i avdelingane.
I tillegg arrangerer avdelingane bingo, bowling, erindringsgruppe, høgtlesing og andre aktivitetar som gir gode sanseopplevingar.

Velferdssenteret

Vi held til på Manger, 21 km frå Knarvik. Velferdssenteret ligg fint og sentralt til på Manger og består av 4 avdelingar. To av avdelingane er tilrettelagt for pasientar med demenssjukdom, og har utgang til ein flott sansehage. Sjukeheimen har eiga avdeling med tilbod om palliativ omsorg, avdeling Florence.

Fakta om sjukeheimen

Sjukeheimen har 32 einerom og to dobbeltrom

  • 17 langtidsplassar for somatisk sjuke
  • 14 plassar for personar med demens
  • 7 korttidsplassar, 3 tilrettelagt for palliasjon ved avdeling Florence

Kontaktinformasjon

Kompetanse 

Vi har god fagkompetanse. Vi har tilsett fast sjukeheimslege, sjukepleiarar, vernepleiar, helsefagarbeidarar og pleiemedhjelparar. Vi har sjukepleiar med spesialkompetanse innan palliasjon, og fleire helsefagarbeidarar har spesialkompetanse innan geriatri og demens. Vi har eit godt samarbeid med spesialisthelsetenesta, fastlegane og heimetenesta. I tillegg er vi ei aktiv opplæringsbedrift for elevar og lærlingar innan helsearbeidarfaget.

Måltid

Det kommunale kjøkkenet serverer nykokt mat til alle måltid kvar dag gjennom heile veka.
Ynskjekost og spesialkost vert ordna på kort varsel.

  • Frukost: klokka 08.30
  • Middag: klokka 13.00
  • Kaffe: klokka 15.00
  • Kvelds: klokka 18.30

I tillegg er det mellommåltid mellom frukost og middag samt ekstra kvelds i 2030 tida.

Tilbod og aktivitetar

Demensavdelingane har utgang rett til sansehagen. Her kan vi følgje med på dei ulike vekstane gjennom årstidene. Ekstra herleg er tida da bærbuskane kan haustast. Kva smakar vel betre enn eigne plukka bær med fløte og sukker?
Ergoterapeuten er innom i dei tilfella det er trong for hennar teneste.
Presten kjem kvar annan torsdag og frivilligsentralen har fellessamling kvar onsdag føremiddag
Me har eit godt samarbeid med «Dagstova», dagtilbodet, som er lokalisert på Velferdssenteret. Bebuarane vert invitert på mange arrangement gjennom året, mellom anna bingo, allsong, ulike konsertar og andre sosiale tilstellingar.
Barnehagen er innom kvar annan veke med song og glede.
Frisør og fotpleiar kjem jamleg innom for dei som ynskjer å nyttiggjere seg dette tilbodet.


Sist oppdatert: 23.01.2024
Publisert: 14.06.2018