Fallførebyggjande gruppe

Kva er fallførebyggjande gruppe?

Alver kommune satsar helsefremjande og førebyggjande tiltak. Fysio- og ergoterapitenesta tilbyr trening i fallforebyggande grupper.

Vi tilbyr:

  • Målretta trening av balanse og styrke
  • Individuelt tilrettelagt gruppetrening to gonger i veka i 6 veker
  • Heimebesøk for deltakar ved behov

Kvart halvår blir det tilbod om to parallelle gruppetilbod, eit i Knarvik og eit på Lindås. Treningsgruppene vil finne stad 2 gongar i veka i 6 veker.

Det er stor pågang på treningsgruppene, og vi ser difor at du som melder deg på har intensjon om å delta på samtlige treningsøkter så langt det let seg gjere.

Kven kan melde seg på?
  • Eldre som bur heime og er over 65 år
  • Eldre som kan gå 300 meter eller meir med eller utan ganghjelpemiddel
  • Eldre som har falt, eller er redd for å falle
  • Eldre som har eit ynskje om å auke aktivitetsnivået gjennom trening to gongar i veka
Slik melder du deg på:

Send ein e-post til:
kari-anne.simonsen@alver.kommune.no, eller martha.thorsheim@alver.kommune.no

Ring oss på tlf: 40 91 35 58 / 95 03 64 16

Alle som melder seg på vil bli kontakta av ein fysioterapeut for ein samtale om innhaldet.

Begrensa antall plasser.


Sist oppdatert: 21.06.2022
Publisert: 21.06.2022