Hjelpemiddel

Mellombels eller varig behov for hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel på grunn av mellombels nedsett funksjonsevne, kan du ta kontakt med kommunen sitt hjelpemiddellager.

Har du eit varig behov for hjelpemiddel, tar du kontakt med ergoterapeut eller fysioterapeut i kommunen. Eit varig behov er eit behov i meir enn to år. Ergoterapeut eller fysioterapeut kan hjelpe deg med å søkje om varig lån av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentral til NAV.

Slik søkjer du

Ta direkte kontakt med hjelpemiddellageret dersom du treng hjelpemiddel på kortvarig utlån.

Kontaktinformasjon finn du nedst på sida. 

Kva kostar det?

Det er gratis å låne hjelpemiddel. Dersom du ikkje leverer tilbake utlånt hjelpemiddel frå kommunen innan avtalt tid, må du pårekna eit erstatningsgebyr.

Kva får du?

  • Utlån av enkle hjelpemiddel i tre månader eller lenger etter avtale:
    • toalettforhøyer
    • armlene til toalett
    • toalettstol
    • dusjkrakk
    • transportrullestol
    • underarmsrullator
    • rullator
    • sengebord
    • terskeleliminator
    • kjøreskinne
  • Dersom tilgjengeleg på lager:
    • badekarbrett
    • arbeidsstol
  • Teknisk tilpassing og reparasjonar hjelpemiddel
  • Flytte fastmonterte og større hjelpemiddel innvilga frå NAV hjelpemiddelsentral
  • Retur hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral

Kontakt oss

Hjelpemiddellageret på Mjåtveit er kun bemanna etter avtale med hjelpemiddelteknikar (sjå kontaktinformasjon).

  • Besøksadresse:
    Hjelpemiddellager Alver kommune
    Mjåtveitflaten 23
    5918 Frekhaug
  • Postadresse:
    Hjelpemiddellager Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug
    E-post: hjelpemiddellageret@alver.kommune.no
  • Hjelpemiddelteknikar 
    Rune Berland
    Mobil: 409 10 893
  • Hjelpemiddelteknikar 
    Tommy Rasmussen 
    Mobil: 952 39 134
  • Avdelingsleiar
    Anita Bjørsvik Kvamme
    Telefon: 409 12 685

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 19.08.2020
Publisert: 21.01.2019