Heimehjelp

Slik søkjer du 

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Knarvik senter, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:

Kva kostar det?

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du må betale for heimehjelpa.

Inntekt Timesats Utgiftstak per månad
Samla inntekt under 2G* 210 kroner 210 kroner
Samla inntekt 2-3 G 319 kroner  956 kroner
Samla inntekt 3-4 G 371 kroner 1.484 kroner
Samla inntekt 4-5 G 424 kroner  2.120 kroner
Samla inntekt over 5 G 476 kroner 2.857 kroner

*G = Grunnbeløpet i folketrygda

Kva får du?

Du kan mellom anna få hjelp til:

  • Matlaging
  • Reingjering
  • Klesvask

Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.
Du må bu i Alver kommune.

Kva skjer vidare?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Klarer vi ikkje det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg, tar vi kontakt med deg.

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kundetorget i Knarvik, Frekhaug eller Manger, eller send dei til:


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 19.05.2020