Middagslevering

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.

Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.

Du kan også:

  • levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
  • sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug
Kva kostar det?
  • Stor middagsporsjon kostar 96 kroner
  • Liten middagsporsjon kostar 80 kroner
  • Frukost/kvelds kostar 54 kroner per porsjon
Kva får du?
  • Du vel sjølv kor mange og kva dagar du vil ha middagslevering.
  • For dei som bur i tidlegare Lindås kommune vert middagen levert to dagar i veka, mens dei som bur i tidlegare Radøy kommune og Meland kommune får middagen levert varm kvar dag.
  • Du kan få spesialkost ved dokumentert behov.
  • Du kan få hjelp til å varme middagen om du er ute av stand til det sjølv.
  • Du får ernæringsrik og variert kost.
  • Du får middag og kan velje mellom stor og liten porsjon.

Endringar

Du treng ikkje lenger søkje om endringar.

Dersom du har vedtak om middag, skal du melde følgjande ønske om endringar direkte til heimetenesta:

  • endring i storleik på porsjon
  • endring i tal dagar med middagslevering per veke
  • endring i kost (normal-/og spesialkost)
Krav til søkjar
  • Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom, alder eller funksjonstap.
  • Du må bu i Alver kommune.
  • Du må ha eit kjøleskap til å oppbevare middagane.
  • Du må ha mikrobølgjeomn eller komfyr til varme opp middagen.
  • Dersom heimehjelpen skal varme opp middagen for deg, må du ha mikrobølgjeomn.
  • Du må vere tilstades ved levering, eller syte for at nokon tek i mot maten.
Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 29.02.2024
Publisert: 28.06.2018