Friskliv og meistring

Om friskliv og meistring

Vi tilbyr fleire kurs der fokuset er å meistre sjukdom og belastningar og førebyggje sjukdom.

Alle kursa våre tar utgangspunkt i helsedirektoratet sine tilrådingar, og dei fleste kursa går på ettermiddags- og kveldstid.

Kven bruke tilbodet?

Innbyggjarar som har behov for støtte til å betre helse, førebyggje sjukdom og/eller meistre helseutfordringar. Du treng ikkje ha ein diagnose eller tilvising frå lege for å delta.

Det er stor pågang på friskliv-kurs. Vi oppmodar difor alle som melder seg på om å delta på alle kurssamlingane, så langt det let seg gjere.

Kva kostar det?

Dei fleste kursa våre er gratis, med nokre få unntak.

Det er ein eigendel på 500 kroner for vaksenkurset i livsstilsendring og meistring.

For fallførebyggande grupper gjeld takst for eigendel sett av Helfo.

Kva seier tidlegare deltakarar?

«Kurset har vore ei påminning, eit spark bak i høve til å fokusere på det friske. Akseptere den nye kvardagen, og likevel være aktiv innanfor dei nye rammene».

«Eg har i løpet av kurset fått nyttige verktøy, spesielt vil eg trekkje frem det som går på verdiar, og på å endre åtferd. Eg er blitt meir bevisst på kor viktig det er å sette grenser».

«Eg har begynt å trene regelmessig, og føler at eg har nådd målet om å komme inn i gode treningsrutinar. Kurset har verkeleg våre eit spark bak, og eg er mykje meir aktiv no samanlikna med tidlegare».

Lurar du på noko?

Har du spørsmål til kursa eller lurar du på om det kan passe for deg?

Ta kontakt med oss på telefon: 40 91 04 88, eller
e- post: frisklivogmeistring@alver.kommune.no.


Kurstilbod våren 2023

Livsstilsendringskurs for vaksne

Kurset skal lære deg korleis du meistrar sjukdom og belastningar gjennom endring av levevaner, til dømes ved å balansere kvardagens gjeremål, ete sunnare og vere meir fysisk aktiv.

Kurset baserer seg på helsedirektoratet sine anbefalingar, og er ei kursrekke der kvar kurskveld bygger på kunnskap frå ein tidlegare kurskveld.

I tillegg til kurskveldar vil du også få ein individuell samtale ved oppstart og slutt.

Vi tilrår at du følgjer heile kursrekka frå start til slutt. Kurset går på ettermiddags- og kveldstid.

Planlagte kursdatoar for våren 2023:

  • 1. februar klokka 16.00-19.00
  • 15. februar klokka 16.00-19.00
  • 15. mars klokka 16.00-19.00
  • 29. mars klokka 16.00-19.00
  • 12. april klokka 16.00-19.00
  • 26. april klokka 16.00-19.00

Trykk her for å melde deg på.

 

Påmeldingsfrist: 20. januar 2023. 

Vanar for livet - eit familievenleg livsstilskurs

"Vanar for livet" er eit nytt familiebasert livsstilskurs retta mot barn og familiar med eit helsefremjande og førebyggjande fokus.

Våren 2023 tilbyr vi dette kurset til foreldre, og målet er å fremje gode val og levevaner gjennom samtale og erfaringsutveksling med andre familiar.

Innhaldet baserer seg på helsedirektoratet sine anbefalingar, og kvar kurskveld bygger på kunnskap frå ein tidlegare kurskveld. Vi anbefaler difor at du følgjer heile kursrekka frå start til slutt

Kurset er for foreldre med barn i skulealder med overvekt og fedme som er busett i Alver kommune.

Planlagte kursdatoer vår 2023:

  • 9. februar klokka 17.30-19.30
  • 16. mars klokka 17.30-19.30
  • 13. april klokka 17.30-19.30
  • 11. mai klokka 17.30-19.30

Slik melder du deg på:

Trykk her for å melde deg på.

Påmeldingsfrist: 20. januar 2023.

Lurar du på noko?

Har du spørsmål til kursa eller lurer du på om det kan passe for deg?

Du når oss på telefon: 40 91 04 88, eller
e- post: frisklivogmeistring@alver.kommune.no

Fallførebyggande grupper

Fallførebyggjande treningsgruppe er eit kommunalt helse- og omsorgstilbod som vil hjelpe deg å styrke kroppen og trene balanse. Målet er å førebyggje framtidige fall og konsekvensar av sjukdom.

Kven kan melde seg på?

  • Eldre som bur heime og er over 65 år.
  • Eldre som kan gå 300 meter eller meir med eller utan ganghjelpemiddel.
  • Eldre som har falt, eller er redd for å falle.
  • Eldre som har eit ønske om å auke aktivitetsnivået gjennom trening to gongar i veka.

Slik melder du deg på

Send ein e-post til:

Du kan også ringe oss på telefonnummer 40 80 37 85.

Alle som melder seg på vil bli kontakta av ein fysioterapeut for ein samtale om innhaldet.

Begrensa antall plasser.

Kreftrehabilitering

Kreftrehabilitering er eit tilbod til deg som har, eller har hatt kreftsjukdom. Her møter du eit tverrfagleg team som har kompetanse på kreftrehabilitering og seinvirkningar knytt til behandlingar.

Vis din interesse her

Trykk her for å vise interesse.

Lurar du på noko?

Ta kontakt med oss på telefon 40 91 04 88, eller
e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no.

Digitalt kurs i tankevirus

Digitalt meistringskurs i regi av nabokommunane våre Askøy og Bergen. Kurset er for personar som ønskjer å bli meir merksame på eigne tankar.

Meir informasjon og påmelding

Trykk her for påmelding til kurs i tankevirus.

Digitalt kurs i røykeslutt

Digitalt kurs i regi av nabokommunane våre Askøy og Bergen. Kurset er for personar som ønskjer å slutte med røyk og snus.

Lenke til påmelding kjem.


Sist oppdatert: 06.01.2023
Publisert: 20.07.2020