Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom (HFU) har flytta frå Frekhaug og har no ope kvar onsdag i Knarvik (bygget til legevakta) frå klokka 15.30 til klokka 18.00. Vi ynskjer at du bestiller time på sms/tlf i forkant, men det er og mulig med drop-in. Hald avstand og ikkje gå inn i lokala før klokka 15.30. Om du kjem på drop- in, må du ikkje ha forkjølelsessymptom. HFU vil tilby tenester som vanlig, men med noko redusert tilbod grunna smitteførebyggande tiltak. Vi kan også gje råd på telefon.

Timebestilling kan du gjere på telefon: 916 49 408

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje bestille time. På helsestasjon for ungdom treff du helsesjukepleiar og lege. Dei tilsette har teieplikt.

Kva kan du få hjelp til?
  • Rettleiing og hjelp til alt som handlar om prevensjon
  • Spørsmål i samband med seksualitet
  • Snakke om ting som er vanskeleg, anten det er fysisk eller psykisk helse
  • Eteforstyrringar
  • Problem i forhold til rus
  • Rettleiing i samband med graviditet
  • Vanskar heime, på skulen, eller med vener
  • Opplevingar kring vald, overgrep og mobbing
  • Du kan ta klamydiatest og graviditetstest her
  • Ved behov for anna hjelp kan vi henvise deg vidare til andre som kan hjelpe deg

Opningstider:

  • Knarvik: onsdagar klokka 15.30 - 18.30

Sommartid:

Helsestasjon for ungdom er stengd i vekene 27 - 33. Opnar etter ferien, onsdag 19. august.

Kvar heldt vi til?

  • Knarvik: Kvassnesvegen 48, 5914 Isdalstø. Vi held til i same bygg som Nordhordland legevakt, inngong på baksida av bygget. Sjå kart under.


Sist oppdatert: 07.05.2020
Publisert: 22.11.2019