Svangerskapsomsorg
Alle gravide har rett til svangerskapsomsorg. Tilbodet er gratis, og skal sørgje for at du får råd og rettleiing slik at du og barnet har det best mogleg.
Kontakt lege eller jordmor for å avtale første svangerskapskonsultasjon så tidleg som mogleg. Du bør få timeavtale innan ei veke.
Kontaktinformasjon
- Telefon ekspedisjon: 56 37 50 74
Telefontid er kvardagar frå 08.15 - 11.00 og 13.00 - 14.00. - E-post: helsestasjonen@alver.kommune.no
- Bestilling av time på nett: Trykk her for å bestille time på nett
- Ved bestilling av time hjå jordmor på nett via helserespons og via epost bør vi også be om å få adressa til den gravide slik at vi veit kva helsestasjon ho tilhøyrer.
- Det er og ein fordel om vi får fullt personnummer på den gravide slik at vi kan opprette journal (gjeld for dei som er nyinflytta til kommunen)
- Trykk her for informasjon om Alver nærjordmorsenter
- Trykk her for informasjon til deg som er gravid
Jordmødre
- Gunn Terese Haukeland
E-post: gunn.terese.haukeland@alver.kommune.no - Kathrine Aven Sætre
E-post: kathrine.aven.setre@alver.kommune.no - Lisbeth Øren Austgulen
E-post: lisbethoren.austgulen@alver.kommune.no - Randi Hammer Boge
E-post: randi.hammer.boge@alver.kommune.no - Valborg Nes
E-post: valborg.nes@alver.kommune.no
Rettleiande program for svangerskapsomsorga
Veke | Jordmor/lege | Kva? |
6-12 | Jordmor | Livsstilssamtale, helsekort |
9 (8-12) | Lege | Helsekort, rekvisisjon blodprøvar og ultralyd |
17-19 | Kvinneklinikken | Ultralyd på Kvinneklinikken |
23 | Jordmor | Amming |
28 | Lege | |
32 | Jordmor | |
36 | Jordmor | Fødselssamtale |
38 | Lege | |
40 | Jordmor | |
41 | Kvinneklinikken | Vurdering på Kvinneklinikken i veke 41 avtalast hjå jordmor i veke 40. |
Ammerettleiing
Helsestasjonane i Alver kommune er godkjende som ammekyndige helsestasjonar.
Jordmødrene gjev ammeførebuande informasjon under svangerskapet. Etter fødsel vil alle helsesjukepleiarane og jordmødrene kunne tilby ammerettleiing. Vi føl faglege retningslinjer frå Nasjonal kompetanseteneste for amming. Vi tilbyr også ammekurs.
- Informasjon om amming på helsenorge.no
- Ammehjelpen
- Video som viser korleis ein koplar barnet til brystet
Nærjordmorsenteret
Alver Nærjordmorsenter ligg i Knarvik.
Adresse: Kvassnesvegen 48, 5914 Isdalstø.
- Telefon til nærjordmorsenteret: 409 07 642
Viktige telefonnummer ved sjukdom hos mor eller barn:
- Barseltelefon KK: 414 99 042
- Legevakt: 116 117
- AMK: 113
Jordmor på Nærjordmorsenteret har oppfølging av mor og barn inntil 7 dagar etter fødselen. Vi vil ta kontakt på føremiddagen, fyrste virkedag etter heimkomst frå sjukehuset.
Vi følger opp barnet med nyfødtscreening, hørselstest, sjekkar gulsott og tar vektkontroll. Vi gjev ammerettleiing og individuell tilpassa oppfølging til mor og barn, i tråd med nasjonale retningslinjer.
Konsultasjonane går føre seg på Nærjordmorsenteret fram til og med 7. dag etter fødselen. Ved kapasitet vil vi vurdere heimebesøk.
Vi samarbeider tett med helsesjukepleiar i Alver kommune og frå og med dag 8 vil helsesjukepleiar følgje opp barnet ditt vidare. Ho tek kontakt med deg og vil avtale heimebesøk i løpet av dei 14 fyrste dagane etter heimkomst.
Ring jordmor som har følgt deg i svangerskapet om du ikkje høyrer frå oss, eller det oppstår eit problem som ikkje kan vente til neste dag. Ved akutt sjukdom hjå mor eller barn, ring Legevakt 116117 eller AMK 113.
Teieplikt og tverrfagleg samarbeid
Jordmødre og helsesjukepleiarar har alltid teieplikt. I nokre tilfelle kan vi likevel ha behov for å drøfte situasjonen din med fagpersonar som ikkje jobbar på helsestasjonen. Vi gjer berre dette i samråd med deg og dersom du gir oss lov til det.
Nyttige lenkjer og brosjyrar
- Les meir på sida til Helse Bergen om kva du må ha med deg på sjukehuset når du skal føde og kva som kan vere lurt å ha med.
- Få kunnskap og tryggleik under graviditeten, og som nybakt mor. Prøv dette nettbaserte sjølvhjelpsprogrammet "Mamma Mia". For gravide mellom veke 21-25.
- www.helsenorge.no/gravid
- www.matportalen.no - kostråd til gravide
- www.Helse-Bergen.no
- Virtuell omvisning ved Kvinneklinikken
- Informasjon om levevaner i svangerskapet
- Alkohol og graviditet
- Alver Nærjordmorsenter
- Til deg som er gravid