Tidleg inn

Om tilbodet

«Tidleg inn» er eit tilbod til alle gravide og foreldre med barn frå 0-6 år og er ein del av satsinga vår på førebyggande arbeid.

Jordmødre og helsesjukepleiarar på helsestasjonane våre inviterer til samtale om viktige tema for deg og barnet ditt. Med programmet «Tidleg inn» ønskjer vi å førebyggje og gi hjelp til å handtere psykisk helse, rus og vald i nære relasjonar. 

Les meir om psykisk helse

Psykisk helse i svangerskapet og barseltida er eitt av dei faste tema i samtale med jordmor på helsestasjonen. At du som er gravid eller nettopp har blitt mor har ei god psykiske helse, er viktig både for deg og barnet ditt.

Svangerskapet er ei førebuing til foreldrerolla. Å knyte seg til barnet som kjem er ein viktig del av det å vente eit barn. Har du psykiske utfordringar eller lidingar, kan det kan verke forstyrrande på denne prosessen.

Jordmor har fokus på den psykiske helsa di i svangerskapet, og vil snakke med deg om korleis du har det.

Etter fødselen er det normalt at humøret svingar. Mange tar lett til tårene. Dette er ei heilt normalt. Vi kallar desse tårene for barseltårer. Barseltårer varer som regel i nokre dagar, men nokre opplever at tilstanden ikkje går over. Om lag 10-15 prosent av alle nybakte mødre får depressive symptom. Om lag 5 prosent står i risiko for å utvikle alvorleg depresjon.

Sidan vi veit at den psykiske helsa di er viktig for eit godt samspel mellom deg og barnet ditt, ønskjer vi å oppdage og hjelpe deg som står i fare for å utvikle depresjon.

På 6-vekerskontrollen etter fødselen har vi difor sett av tid til ein eigen samtale med deg som er mor. Hovudtema for denne samtalen er korleis du har det!

Målet med auka fokus på psykisk helse i svangerskapet og barseltida, er å fange opp deg som slit med psykiske utfordringar eller problem og tilby riktig hjelp gjennom:

  • utvida oppfølging i svangerskapet og i tida etter fødselen
  • å styrke din og familien din si førebuing til foreldrerolla
  • å fremje psykisk og fysisk god helse og førebygge sjukdomar og skade

Trykk her for å laste ned brosjyre om psykiske reaksjonar i svangerskap og barseltid.

Les meir om rus og alkoholvaner

Rus og alkoholvaner er eitt av dei faste tema i samtale med jordmor når du er gravid.

Forsking syner at kvinner sitt forhold til alkohol har endra seg mykje dei siste tre tiåra, og at alkoholkonsumet har auka sida 1973. Både menn og kvinner har større forbruk, men endringa er størst for kvinner.

Samstundes har snittalderen for førstegongsfødande gong gått opp. I 2015 var snittalderen 28,8 år. For mange er alkoholmønsteret godt etablert når dei blir gravide, og kan harmonere dårleg med graviditet og foreldrerolla.

Alkohol er det rusmidlet som kan gje mest omfattande skadar på fosteret. Skadar påført av alkohol varar livet ut.

Vi inviterer til ein samtale om rus og alkoholvaner når du er på kontroll på helsestasjonen, for å fange opp dei som har utfordringar eller problem og treng ekstra oppfølging. Jordmor har fokus på å:

  • sikre at alle gravide blir informert om anbefalt totalavhald i svangerskapet
  • sikre at gravide får informasjon om skadeverknader ved bruk av alkohol i svangerskapet, etter «føre var-prinsippet»
  • sikre oppfølging av gravide der rusbruk eller mistanke om rusbruk er til stades
  • stimulere kvinna si evne til omsorg for seg sjølv og for sitt ufødde, seinare nyfødde barn

Her kan du lese meir:

Les meir om vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar er eitt av dei faste tema i samtale med jordmor når du er gravid.

Ikkje alle har det bra heime. Vald i nære relasjonar skjer i alle samfunnslag.

Om lag 8-14 prosent av kvinner i Noreg opplever vald frå partnar. Om lag 4 prosent av alle gravide har vore utsett for fysisk vald i svangerskapet. Dette gjer at auka fokus på vald i nære relasjonar er svært viktig både for deg som er gravid og ditt ufødde barnet.

Kva er partnarvald?

I Helsedirektoratet sin rettleiar for svangerskapsomsorg står det følgjande:

«Verdens helseorganisasjon definerer partnervald som ei kvar handling som forårsaker fysisk, psykisk eller seksuell skade i eit parforhold. Åtferden kan til dømes inkludere slag, spark, trugslar, nedverdigelse, audmjuking og liknande, valdtekt eller andre seksuelle overgrep. Partnervald kan også innebere kontrollerande åtferd, til dømes å isolere partnaren frå familie og vener, overvake partnaren sine bevegelsar og gje vedkomande begrensa tilgang til informasjon, assistanse og økonomiske midlar.»

Å vere gravid og samstundes bli utsett for vald er ei stor belastning. Det går både ut over helsa og livskvaliteten til kvinna, men gir også uro og angst for korleis det ufødde barnet har det, og for helsa til barnet.

I Alver kommune har vi tatt inn dette temaet som ein del av svangerskapsomsorga. Alle gravide får spørsmål om erfaringar med vald, både noverande og tidlegare.

Målet er:

  • at kvinner som opplever vald og overgrep skal få nødvendig helsehjelp og den støtta dei har behov for
  • å førebygge at det ufødde barn blir påført varige skadar som følgje av vald, og at barn veks opp med vald

Her kan du lese meir:

Kven får dette tilbodet?

Alle gravide som tar kontakt med helsestasjonen får dette tilbodet. Tilbodet er frivillig.

Treng du ekstra oppfølging?

Jordmødre og helsesjukepleiarar har alltid teieplikt. I nokre tilfelle kan vi likevel ha behov for å drøfte situasjonen din med fagpersonar som ikkje jobbar på helsestasjonen. Vi gjer berre dette i samråd med deg og dersom du gir oss lov til det.

Les om samtykke til tverrfagleg samarbeid

Vi som er jordmødre og helsesjukepleiarar vil alltid be om lov når vi har behov for å jobbe tverrfagleg med andre fagpersonar og avdelingar.

Helsepersonell har i utgangspunktet teieplikt, ifølgje helsepersonellova. Nokre gonger opplever vi at teieplikta kan vere til hinder for eit godt samarbeid til det beste for deg.

Vi kan difor be om ei samtykkeerklæring, som frir oss frå teieplikta. Paragraf 22 i helsepersonellova opnar opp for dette. Hugs at det alltid er du som styrer kva vi kan snakke med andre om.

Samtykket skal vere informert. Med det meiner vi at du:

  • har skal få informasjon om kva for opplysningar vi skal utveksle med andre
  • skal vite korleis vi vil bruke opplysningar om deg og konsekvensen av dette
  • skal vere kjend med at det ikkje skal utvekslar fleire opplysningar enn det som er nødvendig
  • skal vere kjend med at du kan nekte oss å bruke opplysningar om spesielle forhold, eller at spesielle fagmiljø eller enkeltpersonar får bestemte opplysningar

Du kan når som helst tilbakekalle samtykket.

Teieplikta vår gjeld likevel ikkje:

  • når helsepersonell har grunn til å tru at ei gravid kvinne misbruker rusmiddel på ein slik måte at det er overveiande sannsynleg at barnet blir fødd med skade (Helsepersonellova §32)
  • når opplysningsplikta til barnevernet er utløyst (Lov om barneverntenester §§§ 4-10, 4-11 og 4-12)

Sist oppdatert: 07.09.2021
Publisert: 28.06.2018