Radonmåling

Måling av radon i din bustad

Helsemyndigheitene anbefaler alle som har bustad med opphaldsrom i dei tre lågaste etasjane over bakkeplan, å måle radonkonsentrasjonen i sin bustad.

Alle som leiger ut bustader må måle radon i utleigebustaden. Alle skular og barnehagar må måle radon. Det bør målast radon på arbeidsplassar.

Slik kan du få målt radon

  • Mål radon i vinterhalvåret, mellom midten av oktober og midten av april.
  • Målinga skal føregå over eit tidsrom på minst to månader.
  • Du treng ikkje ha eit firma til å plassere ut måleutstyret hos deg, det gjer du sjølv. Føl rettleiinga som skal fylgje med måleutstyret.
  • Ta kontakt med eit firma som sel radonmålingar. Undersøk gjerne med fleire for å samanlikne blant anna pris. Du finn eit firma ved å søkje på internett eller nytte opplysningstenester. Bransjeforeininga Norsk Radonforening har ei oversikt over medlemmar på sine heimesider, men det finns også andre firma. 
  • Miljøretta helsevern sel ikkje radonmålingar.

Tiltak mot radon

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) tidlegare Statens strålevern anbefaler at radonnivå vert halde så lågt som råd i alle bygningar, og at tiltak alltid bør utførast når radonnivåa i eitt eller fleire opphaldsrom overstig 100 Bq/m3. DSA framhevar at tiltak òg kan vere aktuelt under 100 Bq/m3 dersom ein med enkle tiltak kunne fått radonnivået vesentleg lågare.
Det er den enkelte huseigar sitt ansvar å måle radonkonsentrasjonen i sin bustad og setje i verk nødvendige tiltak.

For radon i drikkevatn er tiltaksgrensa 500 bq/l.
Radon i vatn kan vere ei årsak til høge radonkonsentrasjonar i luft.
Risikoen gjeld for hus som har vassforsyning frå privat borebrønn. Alle som har vatn frå kommunal vassforsyning treng ikkje tenkje på dette, for det kommunale vatnet kjem frå overflatevatn.
Dersom du har målt høge radonverdiar i innelufta og har vatn frå borebrønn i fast fjell bør du måle radon i vatn. Vatn frå slike brønnar kan innehalde høge konsentrasjonar, og når du dusjar, nyttar oppvaskmaskin og liknande vil radon frigjørast til innelufta.
Radonanalyse av vatnet kan gjennomførast heile året. Utstyr til prøvetaking får du blant anna hos Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA).

Miljøretta helsevern kan tilby rettleiing angåande radon.

Kontakt

Meir informasjon

For meir informasjon, sjå direktoratet for strålevern og atomsikkerhet sine sider:

Hovudsida Miljøretta helsevern

Trykk her for å komme til hovudsida til Miljøretta helsevern


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 15.11.2019