NAV Alver

NAV Alver har to publikumsmottak:

  • NAV Knarvik, lokalisert i Knarvik senter, Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø
  • NAV Frekhaug, lokalisert i kommunehuset, Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug

Kontakt NAV: Telefon 55 55 33 33 / www.nav.no via ditt nav

Opningstider NAV

Dag Opningstid Knarvik Opningstid Frekhaug
Måndag Klokka 10.00 - 12.00 Klokka 11.00 - 14.00
Tysdag Klokka 10.00 - 12.00  Stengt
Onsdag Klokka 10.00 - 12.00 Klokka 11.00 - 14.00
Torsdag Stengt Stengt
Fredag Klokka 10.00 - 12.00  Klokka 11.00 - 14.00
Økonomisk sosialhjelp

Om ein kjem opp i ein situasjon der ein treng økonomisk hjelp, kan det vere at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.

Det kan vere:

  • Økonomisk yting frå kommunen
  • Råd og rettleiing, eller hjelp i form av bustønad til høge buutgifter

Søknaden må dokumenterast. I søknadsskjemaet finn du informasjon om kva dokumentasjon NAV treng for å handsame søknaden din.

Søknadsskjema økonomisk sosialhjelp

Søknad om økonomisk sosialhjelp sendast/leverast til NAV Alver. 
Postadresse: Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø.

Gjeldsrådgjeving

NAV Alver tilbyr økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan innebere hjelp med å sette opp budsjett eller bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar. 

Du kan bestille time hjå gjeldsrådgjevar. Dette tilbodet er gratis. Ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 eller send beskjed via ditt NAV på www.nav.no.

Du kan få råd og rettleiing ved å ringe den landsdekkjande telefonen 800 45 353 for økonomisk rådgjeving, eller du kan chatte med NAV om spørsmål knytta til budsjett, økonomi og gjeldsrådgjeving.

Chat med NAV gjeldsrågjeving

Søknad om økonomisk gjeldsrågjeving

Mellombels bustad

NAV skal hjelpe deg med å finne eit mellombels butilbod viss du heilt akutt ikkje har ein stad å sove og opphalde deg neste døgn. Vi rår deg til å møte opp på NAV Alver dersom dette gjeld deg.

Meir informasjon kan du lese her.

Flyktningetenesta

Introduksjonsprogram for nyankomne flyktningar

Kven er tilbodet for?

Flyktningar som blir busett i Alver kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet. Flyktningar som kjem til kommunen utan avtale, har ikkje rett til å delta i introduksjonsprogrammet eller få introduksjonsstønad.

Korleis får du tilbodet?

Flyktningtenesta ved NAV Alver hjelper med busetting, råd, rettleiing, inntak og deltaking i introduksjonsprogrammet.

Trykk her for å lese meir om introduksjonsprogrammet på heimesida til IMDI.

Kva tilbyr vi?

Når du blir busett i Alver kommune, lagar vi ein individuell plan for introduksjonsprogrammet ditt. Planen byggjer på ønska dine og på den kompetansen og arbeidserfaringa du har.

Gjennom programmet får du lære norsk, du får kunnskap om det norske samfunnet og prøve deg i arbeidslivet. Å delta i programmet tar tida til ei vanleg arbeidsveke. Programmet kan vare i to år, og du får økonomisk støtte i heile denne perioden.

Målet med introduksjonsprogrammet er å hjelpe deg, slik at du kan klare deg sjølv økonomisk ved å arbeide eller med studielån dersom du har bruk for meir utdanning.

Dette får du:

  • tett oppfølging
  • praktisk opplæring i norsk språk og samfunn
  • hjelp til å starte utdanning eller komme i arbeid
  • økonomisk støtte tilsvarande to gangar grunnbeløpet til Folketrygden

Trykk her for å lese om grunnbeløpet til Folketrygden

Har du spørsmål om introduksjonsprogrammet og busetting av flyktningar i Alver?

Ta kontakt med flyktningetenesta i NAV Alver 55 55 33 33.

Er du allereie ein del av programmet, skal du ha fått eigen kontaktinformasjon hos oss.

Meir informasjon finn du på IMDI sine sider.

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ynskjer å jobbe, men treng oppfølging for å klare det.

For meir informasjon kan du lese her, eller ta kontakt med NAV Alver på telefon 55 55 33 33.

Søknadsskjema kvalifiseringsprogrammet

På heimesida til NAV finn du informasjon om ledige stillingar, vegvisar til informasjon som er tilpassa deg og din situasjon. Her finn du og informasjon om søknad og søknadsskjema.

Opplysning, råd og rettleiing

Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing frå NAV som kan bidra til å løyse eller førebygge sosiale problem.

All informasjon om opplysning, råd og rettleiing finn du her.

Aktiviteten

Dersom du er utan skuleplass, lærlingplass eller arbeid kan du registrere deg som arbeidssøkjar på nav.no.

Slik søkjer du

Du søkjer via NAV si heimeside her.

Kva skjer vidare

Du vil då bli kalla inn til ein samtale med ein ungdomsrettleiar. Saman finn de ut kva du treng hjelp til for å kome deg vidare enten på skule eller i arbeid. Om du treng hjelp til å skrive søknader, CV, eller til å finne bedrifter du kan søke jobb hos, kan du få dette på Aktiviteten.

Kva får du

To dagar i veka møtast unge vaksne på Aktiviteten saman med to rettleiarar frå NAV. Dagen startar med frukost og etterpå er det moglegheit for å få hjelp til søknader og liknande, eller du kan få ein samtale med ein av rettleiarane om du ønskjer det.  


Sist oppdatert: 17.02.2020
Publisert: 30.08.2019