Bustad/bufellesskap

Det er to typar bustad du kan søkje om:

Omsorgsbustad

Personar med nedsett funksjonsevne og andre som treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige ein omsorgsbustad.

Omsorgsbustaden er tilpassa rørslehemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester skjer etter søknad og individuell vurdering.

Omsorgsbustad med døgnbemanning

«Omsorgsbustad pluss» er omsorgsbustader som i tillegg har døgnbemanning. Dette kan vere bufellesskap med fleire leilegheiter, med eller utan fellesareal.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til søknadsskjema for bustad

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice i Knarvik senter, på Frekhaug eller på Manger, eller send dei til:

Kva får du?

  • du får ein tilpassa bustad
  • du kan søkje om bustøtte frå Husbanken

Krav til søkjar

  • du er 18 år eller eldre
  • du må ha legeuttale
  • du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • du må betale husleige

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Les meir

Trykk her for å laste ned retningslinjene våre for tildeling av bustad. (Denne kjem når den er klar)

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 19.05.2020
Publisert: 21.01.2019