Omsorgsstønad
Søkje omsorgsstønad
Du kan søke omsorgsstønad dersom du har særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen. Omsorgsstønad er det vi tidlegare kalla for omsorgslønn.
Målet er at familien kan halde fram å ha omsorg for sine næraste. Vedtak om hjelpestønad blir samordna med omsorgsstønad og anna form for avlasting.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Amfi Knarvik, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:
- Alver kommune
Forvaltningskontoret
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Desse spørsmåla må du svare på i søknaden:
- Kor mange timar per månad brukar du på omsorgsarbeidet?
- Er arbeidet meir fysisk eller psykisk tyngande?
- Førar omsorgsarbeidet til mykje arbeid om natta?
- Yter du omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
- Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid?
- Har du omsorg for meir enn ein person?
Kva får du?
- Du får godtgjersle for dei timane vi gir deg til pleie- og omsorgsarbeid i heimen kvar månad.
- Du får kontrakt med opplysningar om timar per veke, lønn og andre vilkår.
Krav til søkjar
- Han eller ho som mottar omsorg må bu heime.
- Arbeidet må vere særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver.
- I lag med oss, må du vurdere om omsorgsstønad er det beste alternativet saman med eventuelt andre hjelpetiltak.
- Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkje om dette.
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svara deg innan 4 veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøka deg.
Kontakt oss
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00
- Ring oss på 56 37 50 00
- Send ein e-post til: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Slik klagar du
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.