Opplæring og rettleiing til pårørande

Om tilbodet

Dette er eit tilbod til pårørande med særleg tyngande pleie- og omsorgsoppgåver. Målet med opplæring og rettleiing frå den kommunale helse- og omsorgstenesta er å gje deg som pårørande støtte til å handtere og meistre rolla di som omsorgsytar. Vi gir dette tilbodet til den omsorgsmottakaren har ført opp som sin næraste pårørande.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Knarvik senter, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?

  • Opplæring i særleg tyngande omsorgsoppgåver ut frå dine behov og ønske
  • Støtte og hjelp til å handtere og meistre rolla som omsorgsytar

Krav til søkjar

  • Du må ha behov for og ønskje om opplæring eller rettleiingstiltak i forbindelse med særleg tyngande omsorgsoppgåver.
  • Det vert kravd samtykke frå brukaren når opplæringa og rettleiinga omfattar informasjon om brukaren som er underlagt teieplikt.
  • Omsorgsmottakaren må bu heime og ønskje at du yt omsorg.

Kva skjer vidare?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 29.05.2020
Publisert: 21.01.2019