Brukarstyrt personleg assistanse - BPA
Kven kan søkje om brukarstyrt personleg assistanse?
Har du nedsett funksjonsevne og treng hjelp i kvardagen, kan du søkje om brukarstyrt, personleg assistanse (BPA).
Du som søkjer må ha eit langvarig og stort behov for hjelp.
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Knarvik senter, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:
- Alver kommune
Forvaltningskontoret
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Kva kostar det?
Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til praktisk husarbeid i heimen din, må du betale ein eigenandel.
Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du skal betale.
Slik vel du assistent
Alver kommune har avtale med to private leverandørar, som kan ta arbeidsgjevaransvar for assistenten din. Du kan velje å ha kommunen som arbeidsgjevar, men vi rår deg til å velje ein av dei to private.
Vi har avtale med HjemmeBest og Uloba.
Her kan du lese meir om HjemmeBest:
Trykk her for å gå til heimesida til HjemmeBest
Her kan du lese meir om Uloba:
Trykk her for å gå til heimesida til Uloba
Sjølv om du vel å få hjelp frå eit privat selskap, er det kommunen som er ansvarleg for å følgje opp kvaliteten på tenesta du får.
Les meir
Trykk her for å lese eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet om BPA.
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøka deg.
Kontakt
Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00
- Ring oss på 56 37 50 00
- Send ein e-post til: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.
Slik klagar du
Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.